Få med deg rulleskirenn i Stordal sentrum på søndag!

I samband med Stordalshelga i langrenn, som går av stabelen denne helga, er det også lagt opp til rulleskisprint-renn i sentrum på søndag den 5. oktober. Det heile startar kl 09.00 og både start og mål er ved PEDRO-bygget. Arrangørane garanterer fart og spenning!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.10.2014
Fotograf: Geir Nilsen, Langrenn.com
Martine er berre ein av mange dyktige utøvarar på startstreken søndag! fotograf Geir Nilsen, Langrenn.com

No er dette berre ein liten del av alt det dei nærare 70 langrennsløparane skal vere med på denne helga og om du vil, kan du lese meir om Stordalshelga i langrenn, i våre tidlegare reportasjar.

Vi nyttar samstundes høve til å få med at Martine Lorgen Øvrebust (sjølvsagt) vann Trollstigen opp for eit par veker sidan. No kan du oppleve ho i aksjon på heimebane.

Møt opp på søndag og få med deg mange av landets beste langrennsløparar i aksjon!

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove