Fotograf: Hallgeir Hove
Frå juleavslutninga i 2009. Jul i Blåfjell fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Barnesteget på scena under juleavslutninga i 2012 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Forteljinga om Snekker Andersen som møter julenissen, fekk vi i 2011 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Putti Plutti Pott var hovudoppsettinga 2010 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Frå juleavslutninga i 2008 fotograf Hallgeir Hove

Få med deg Stordal skule si juleavslutning!

Torsdag 19. desember er det endeleg klart for juleavslutning ved Stordal skule! Når vi skriv det slik, tenkjer vi faktisk først og fremst på oss som kan sjå fram til endå meir flott frå scena. Denne gongen er det Jul i Blåfjell som er hovudoppsettinga og når vi ser attende på både Putti Plutti Pott, forteljinga om Snekker Andersen som møter julenissen, "A Christmas Carol" og mykje anna flott, er det all grunn til å gle seg.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 18.12.2013

Skulen sine juleavslutningar samlar særs mykje folk, ja faktisk har det vore over 500 til stades i idrettshallen når elevar og lærarar står klare til å framføre. I år er det altså Jul i Blåfjell som er hovudoppsettinga, slik det også var i 2009. No vert det dermed gjensyn med både Turte, Dronning Fjellrose, Mamsen, Lillegutt og alle dei andre karakterane.

I tillegg til mellomsteget, som har fått æra av å ha hovudoppsettinga denne gongen, får vi sjølvsagt også oppleve både barnesteget og ungdomssteget frå scena.

Når Stordal skule arrangerer juleavslutning er elles alle elevane med og er dei ikkje i aksjon på scena, bidreg dei med både lyd, lys og andre viktige oppgåver.

Ta deg gjerne eit tilbakeblikk på mange av dei tidlegare juleavslutningane. Det er nemleg imponerande saker dette her!

Juleavslutninga til Stordal skule startar kl 19.00 og det heile skjer altså i Stordalshallen, torsdag 19. desember. 

Ein fast tradisjon er det også at ein har skulegudsteneste rett før. Denne får du med deg i Stordal kyrkje kl 18.00.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove