Teater ViTo
Thor-Ivar Forsland og Karoline Isaksen utgjer Teater ViTo
Fotograf: Hallgeir Hove
Karoline og Teater ViTo har gleda born i Stordal også tidlegare! Skal tru kven dette er? fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
... og kven er saman med klovnen som ville fly her? fotograf Hallgeir Hove

Feirar Thorbjørn Egner!

Barnas kommune feirar at det i år er 100 år sidan Thorbjørn Egner vart fødd. Torsdag 30. august vert det difor to framsyningar av "Egnerstund for barn" med Teater ViTo. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 22.08.2012

I år er det altså 100 år sidan Thorbjørn Egner vart fødd, og det vil Barnas kommune markere med to framsyningar av ”Egnerstund for barn” med Teater ViTo.

Thorbjørn Egner har prega oppveksten til norske barn i fleire generasjonar gjennom bøker, teaterstykker, høyrespel og viser. Han var forfattar, teiknar, komponist og visediktar.

Teater ViTo består av Thor-Ivar Forsland og Karoline Isaksen. Dei har lang erfaring frå Kardemommeby i Kristiansand Dyrepark som Tante Sofie, Barberer Sørensen, Politimester Bastian og røvaren Jonathan. Dei vil synge songar frå «Folk og Røvere i Kardemommeby», lese litt fra «Karius & Baktus» og fortelje litt om Thorbjørn Egner.

 
Torsdag 30. august kjem dei til Stordalshallen og køyrer to framsyningar.

Kl 12.00 vert det ei eiga framsyning for dei yngste elevane ved Stordal skule.

Kl 17.30 håper vi at mange barn og foreldre vil kome til grendasalen for å oppleve dette.

Framsyninga er sjølvsagt gratis!

Sjå eigen, flott plakat nedst på sida!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove