Fem skulekorps med felles øvingshelg i Stordalshallen!

Langevåg skulekorps m.fl. okt 2019 - Klikk for stort bildeLangevåg skulekorps m.fl. okt 2019 Hallgeir Hove

Denne helga har vi hatt besøk av skulekorpsa frå Langevåg, Søvik/Gamlem, Brattvåg, Fiskarstrand og Blindheim . Dei fem korpsa har inngått eit tettare samarbeid, som m.a. skal ende opp i ein liten konsertturné med tre konsertar i januar. I tillegg til mykje øving på filmmusikken til "Bllues Brothers", vart det også god tid til det sosiale der dei omlag 60 musikantane var saman frå fredag ettermiddag til søndag ettermiddag. Oss som fekk oppleve korpsa i aksjon på søndagen, kan trygt hevde at publikum har mykje å gle seg til!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 29.10.2019

Langevåg skulekorps m.fl. okt 2019 - Klikk for stort bildeLangevåg skulekorps m.fl. okt 2019 Hallgeir Hove Langevåg skulekorps m.fl. okt 2019 - Klikk for stort bildeLangevåg skulekorps m.fl. okt 2019 Hallgeir Hove Langevåg skulekorps m.fl. okt 2019 - Klikk for stort bildeLangevåg skulekorps m.fl. okt 2019 Hallgeir Hove Langevåg skulekorps m.fl. okt 2019 - Klikk for stort bildeLangevåg skulekorps m.fl. okt 2019 Hallgeir Hove

 

Etter ankomst på fredagen rundt kl 18.00 - og etter ei orientering om både hus og diverse instruksar - var det klart for bli-kjent aktivitetar i regi av Langevåg skulekorps, både i grendasalen og etterkvart også i idrettshallen. Fellesmåltid i grendasalen stod sjølvsagt også på programmet og etterpå kunne dei velge om dei ville sjå film eller anna på storskjermen der.

På dagtid laurdagen, var det naturlegvis sett av mykje tid til øving og denne pågjekk i grendasalen og på musikkrommet (det gamle) ved Stordal skule.

På laurdagskvelden, frå kl 18.00 til kl 20.00, var det tid for endå meir aktivitet. Då stilte Lars Johan Nygård og Johan Bernt Øvrebust frå Stordal skyttarlag opp, slik at dei som ville, fekk prøve seg på miniatyrskytebana. I tillegg disponerte musikantane også symjebassenget ved Stordal skule (vegg i vegg) i det same tidsrommet. I idrettshallen kunne dei halde fram med boltre seg på teamtrack´n, balansere på slakkline, spele minigolf, bordtennis, badminton, buldre i klatreveggen eller kva det no måtte vere.  

Etter eit godt fellesmåltid i grendasalen var det klart for diskotek der. Den kreative gjengen hadde nemleg også rigga seg til med masse lyseffektar og liknande.

Søndagen var det klart for meir øving fram mot ein avsluttande minikonsert kl 15.00. Innimellom all øvinga, var det full rulle inne i idrettshallen og sjølvsagt bespisning takka vere dugande foreldre føresette. Det var mange av dette slaget og som budde i Stordalshallen heile helga og etter det vi forstår så hadde dei hatt det rett så bra. At det uansett nok var godt å få kome heim og sove i eiga seng og med nokre færre folk rundt seg, tvilar vi likevel ikkje på. Det er uansett kjekt å registrere den store og flotte dugnadsinnsatsen som vert lagt ned i samahengar som dette.

No er det ikkje første gongen vi har korpsbesøk ved Stordalshallen og heller ikkje den siste! I januar har vi funne plass til både Haddal og Ulsteinvik (sistnemnte er forøvrig eitt av mange korps som kjem att kvart einaste år) og Skodje skulekorps har alt no reservert plass i august neste år. Det gjorde dei lurt i.

Helge Nordstrand i Langevåg skulekorps var hovudansvarleg for øvingshelga og han har berre lovord å kome med i etterkant:

"Vi er godt nøgd med helga, ein perfekt stad for ei slik øvingshelg. Både store og små likte seg godt! Nydeleg med alt under samme tak, god plass og varierte aktivitetar. Heilt supert opplegg!"

 

For meir om felleskonsertane og anna spennande om korpsa, vil det vere lurt å leite dei opp på facebook og fylje med framover.


For vår del nyttar vi høve til å takke dei fem korpsa for hyggeleg besøk, ynskje lukke til med dei komande konsertane og sjølvsagt få formidla at dei er velkomne tilbake hit til Stordalshallen når som helst!

..når det er ledig då, vel og merke! :)
 

For fleire bilder frå den kjekke øvingshelga, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside

Om du ynskjer å få eit inntrykk av korleis dei har det dei som besøkjer oss og det høge aktivitetsnivået, kan vi anbefale eit dykk i nyhendearkivet vårt.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove