Fotograf: Hallgeir Hove
Scena i grendasalen snart for liten til for Stordal Skulekorps fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Nick Ost må ta mykje av æra for den aukande interessa for å vere med fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Dei flinke musikantane mottek velfortent applaus frå publikum fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Klart det er stas å få pakke med julenissen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Alle korpsmedlemmane og aspirantane fekk sjølvsagt fine gåver dei og fotograf Hallgeir Hove

Fin førjulskonsert med særs aktivt korps!

Sist tysdag inviterte Stordal Skulekorps til førjulskonsert i Stordalshallen. I tillegg til flott musikk frå scena, hadde korpset som vanleg eit freistande kakebord å by på. Ekstra stas var det å kunne konstatere at talet på musikantar er stadig aukande, noko som truleg heller ikkje er tilfeldig. Liten tvil om at det er populært å vere med for tida!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 06.12.2013

Eit fast innslag på skulekorpset sine førsjulskonsertar, er også sjølvaste julenissen. Då vankar det gåver til alle borna i salen, med oppmoding om at dei gjerne må verte med i korpset. Alle musikantane på scena fekk sjølvsagt også sine velfortente julegåver, som takk for flott innsats gjennom året.

Når skulekorpset no tel heile 30 medlemmar, er nok ikkje dette tilfeldig. Det er blitt jobba særs godt over lengre tid og ikkje minst dette siste året, kan korpset sjå attende på mykje flott. I tillegg til den særs opplevelsesrike turen dei hadde til Belgia, der dirigent Nick Ost skal ha mykje av æra, hugsar vi alle den suverene jubileumskonserten deira nyleg. 

I tillegg til alt det kjekke dei unge musikantane får oppleve, er det også viktig å peika på dei dyktige instruktørane både for aspirantane og dei litt eldre borna. Det å kunne få ha instruktørkrefter av Nick Ost sitt kaliber er ganske så unikt og er nok i seg sjølv ein stor motivasjonskjelde. I tillegg til alt det han bidreg med inn mot Stordal Hornmusikklag, Vatne Hornmusikklag og Tomra Brass Band, rekk han også å vere heimom i Belgia og hente heim prisar i nasjonale konkurransar, både som solist og i orkester! Gratulerer!

Det neste som står for tur for det aktive korpset vårt, er førjulskonserten i Stordal kyrkje, laurdag den 14. desember. Når den er vel i hamn kan dei alle ta ein vel fortent juleferie.

Hurra for Stordal Skulekorps!


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove