Besøkstalla våre er særs høge og gjestane våre kjem ikkje lengre berre frå det nære omlandet. Stordalshallen har i mange år hatt gjestar frå utlandet, i samband med Spjelkavik videregående skole sine flotte ekskursjonar. Dei siste par åra, har det også vore langvegsfarande gjestar som t.d. Grenaderkorpset i Trondheim. Ein kan også trekkje fram det internasjonale MC-treffet i 2007. Då kom det gjestar frå heile Europa og dei som hadde reist lengst då, kom heilt frå sydspissen av Spania! (du finn mange reportasjar om besøkja våre i vårt arkiv) No kan alle gjestane våre med lettheit finne fram ved å gå inn på Google Maps. Dette vil difor også vere eit flott hjelpemiddel for alle som skal arrangere noko ved Stordalshallen. Dersom gjestane treng hjelp til å finne fram, er det berre å tipse dei om Google Maps.
Flott, ikkje sant?