Fins det makan?

Ein var frå før av klar over at det skjer særs mykje innan kulturområdet i Stordal kommune, der m.a. det eine flotte arrangementet avløyser det andre. Men ser ein på dei komande dagane, syner dette eit aktivitetsnivå det knapt er mulig å fatte! 


Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 28.08.2012
Fotograf: Maria Holand Tøsse
Den internasjonale kulturfestivalen, på laurdag, er berre noko av alt vi kan gle oss til! fotograf Maria Holand Tøsse

Våre førehandsreportasjar om det som skal skje også komande helg, syner at det rett og slett vil vere umogleg å få med seg alt og her er det noko for ein kvar smak!

I tillegg til alt dette er det truleg også meir. Vi kjenner m.a. til at det skal vere Søndagskafé ved Dyrkorn grendahus, frå kl 14.00 til kl 17.00!

Det er også på sin plass å peike på at Stordal, denne helga, får besøk av om lag 60 alpinistar frå heile Møre og Romsdal. Det er Stordal Alpin som inviterer til denne kretssamlinga og både utøvarar og forledre/leiarar vil ha base ved Stordalshallen. I løpet av helga skal dei vere med på eit tettpakka program, både i Stordalshallen og området rundt.    

Også eit tilbakeblikk på det som har skjedd tidlegare denne sommaren, med mellom anna Barnas Supersommar, Kyrkjehola Kuturbeite, Stordalscup 2012, og med Langsætredagane siste helg, stadfestar det enorme aktivitetsnivået. Ser ein endå lengre tilbake, vert det ikkje mindre imponerande.

Sjølv om det også denne helga vert slik at både vi, og våre gjestar utanfrå, rett og slett må velje mellom ei rad flotte arrangement, og dermed ikkje rekk over alt, får vi glede oss over alt det utruleg flotte som vert stelt i stand!

Her finn du førehandsreportasjane og reportasjane vi siktar til.

Om ein vel å kikke på reportasjearkivet finn ein endå meir!

Er det ikkje imponerande kva vi i fellesskap får til då? Det er enno ein gong på sin plass å minne om at det berre bur i overkant av 1 000 innbyggjarar her!     



 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove