Fjordafest

Pensjonisttreff for heile nye Fjord kommune 21. mars 2019 - Klikk for stort bildePensjonisttreff for heile nye Fjord kommune 21. mars 2019 Hallgeir Hove

Sist torsdag var pensjonistar frå heile (komande) Fjord kommune (og vel så det) samla til fest i Stordalshallen. Det var faktisk over 140 deltakarar med på festen og det var eit rett så omfattande og innhaldsrikt program arrangørane hadde fått på plass.   

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 26.03.2019

Pensjonisttreff for heile nye Fjord kommune - leiar Ann Elise Dyrkorn ynskjer velkomen - Klikk for stort bildePensjonisttreff for heile nye Fjord kommune - leiar Ann Elise Dyrkorn ynskjer velkomen Hallgeir Hove Pensjonisttreff for heile nye Fjord kommune 21. mars 2019 - Klikk for stort bildePensjonisttreff for heile nye Fjord kommune 21. mars 2019 Hallgeir Hove Pensjonisttreff for heile nye Fjord kommune 21. mars 2019 - Klikk for stort bildePensjonisttreff for heile nye Fjord kommune 21. mars 2019 Hallgeir Hove Pensjonisttreff for heile nye Fjord kommune 21. mars 2019 - Klikk for stort bildePensjonisttreff for heile nye Fjord kommune 21. mars 2019 Hallgeir Hove

Torsdag 21. mars var alle pensjonistlaga i nye Fjord kommune samla til kulturbygging i Stordalshallen. Det var Eidsdal og Norddal pensjonistlag, Fjørå og Valldal pensjonistlag og Stordal og Liabygda pensjonistlag.

Vi har fått god hjelp av Steinar Lamo, fast referent på møta til Stordal og Liabygda pensjonistlag, til å skildra det som skjedde utover ettermiddagen og kvelden:

Leiar for Stordal og Liabygda pensjonistlag, Ann Elise Dyrkorn ynskte alle vel møtt og ba forsamlinga synge "Heimlandet" og "Her er det land som hugar meg best..." før vi fekk ord for dagen ved Tore Hoel frå Valldal. Han takka for invitasjonen med både stubbar og rim bl.a. av Halldis Moren Vesaas. Ny allsong frå eige sanghefte for dagen, "Zanzibar", flott akompagnert av Marianne Skuggerud på trekkspel. Så presenterte  Guri Aasen frå Fosnavåg eit lysbildekåseri ho har kalla for "Vestafor måne". Dette handlar om kystkultur og denne ettermiddagen vart det mest om overtru og eit djupdykk blant mystiske vesen i blåmyra. Krakje og sjøøorm var av det dei hadde å stri med på kysten i fylgje Aasen.

Så var det klart for meir allsong før bordverset og servering av middag i ein fullsett grendasal med over 140 deltakarar. Hotellvertinna frå Vauldalen Fjellhotell, der pensjonistlaget har vore på tur, viste så bilde frå Vauldalen og traktene omkring der pensjonistlaget i Stordal og Liabygda har vore på utflukter. Ho håpte sjølvsagt også at dei ville kome på nye turar til hotellet. 

Etterkvart var det tid for kaffi og bløtkake og deretter åresalg med trekking av mange gevinstar. Dei rakk såvidt også å synge "Kjæm du i kveld", før Ann Elise takka for frammøte og ynskte vel heim. Leiaren nytta også høve til å takke (komande) Fjord kommune, Sparebanken Møre og Den kulturelle spaserstokken (Norddal kommune) for pengar dei hadde motteke for å gjennomføre den flotte festen.  

Underteikna har lyst til å føye til at ein blir ikkje reint lite ærbødig - eller vørdsam som det vel heiter på nynorsk - når ein skuar utover ei slik forsamling som den vi hadde på besøk sist torsdag. Tenk på kor mange timar med dugnadsinnsats denne gjengen samla sett har lagt ned i form av kulturbygging rundt om i lokalsamfunna sine! Det er rett og slett vanskeleg å forestille seg det.

For fleire bilder frå den fine festen, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove