Fjordhagen AS
Slik vil reklameskiltet til Fjordhagen AS bli sjåande ut. Flott, ikkje sant?
Fjordhagen AS
Dei tilsette ved Fjordhagen AS. I tillegg til at dei har eigne flotte kontor, har dei også ledige kontorlokaler å leige ut
Fjordhagen AS
Ikkje noko å seie verken på bygget der verksemda er lokalisert, eller på naturen rundt
Fjordhagen AS
Dei tilsette ved Fjordhagen AS er: Terese Jemtegård Moen, Ingunn Linge Valdal, Agnieszka Jemtegård og Robert Rønstad
Fjordhagen AS
Terese Jemtegård Moen, er dagleg leiar ved Fjordhagen AS

Fjordhagen AS første nye samarbeidspartnar i 2015!

Stordalshallen sitt profileringskonsept er stadig like populært å vere med på, noko som m.a. medfører at all ledig plass på veggane i idrettshallen vår er oppteken. Nærare 100 samarbeidspartnarar frå heile landet er med på laget. Først ute med å kome på plass dette året, er Fjordhagen AS. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 29.01.2015

Fjordhagen AS er eit regionalt næringsutviklingsselskap på Indre Sunnmøre, og hoppid.no kontor for Norddal og Stordal kommune. Selskapet vart skipa i 2002 og har 24 aksjonærar, der Siva SF er største eigar med 1/3 av aksjane.

Fjordhagen AS er lokalisert i Valldal sentrum, nærare bestemt på Grandane.

Verksemda er dyktig på dette med å få formidla ut kva dei kan tilby av tenester og difor skal vi ikkje bruke mykje plass på dette her, utover det at vi presenterer lenkene til både heimeside og facebookside til Fjordhagen AS.

Ser ein på kva Fjordhagen AS trekkjer fram i høve til visjonar og verdiar, er det liten tvil om at verksemda spelar ei viktig rolle i høve til både det å skape og å ta vare på livskraftige lokalsamfunn.

Som det kjem fram også på det flotte reklameskiltet Fjordhagen AS, med det første vil få på plass i Stordalshallen, er verksemda også hoppid.no kontor for kommunane Norddal og Stordal.

Litt av alt det du kan lese meir om på heimesida til Fjordhagen AS ser du her:

Visjon og verdiar


Visjon: knutepunkt for regional næringsutvikling

Verdiar:

Kunnskapsbasert


Vi skal inneha kompetansen næringslivet treng eller hjelpe næringslivet å finne den.

Kvalitet

Vi skal kunne dei tinga vi tek på oss og levere kvalitet i tenestene våre, gjennom dette får kundane tillit til oss.

Innovativ

Bidra aktivt til å tenke ut nye ideèar, produkt og marknader, både til eiga bedrift, fellesskapet og samarbeidspartnarar elles.

Positiv

Ha eit positivt utgangspunkt til nye idèar og forslag, og vere bevisste på at andre har noko positivt å bidra med. Vere ein positiv ambassadør for Fjordhagen sitt bedriftsmiljø, og stimulere til at alle vert kvarandre sine positive seljarar.

Fjordhagen AS vil arbeide for at vår region skal vere attraktiv gjennom:

Bedriftsutvikling: Fleire og meir overlevingsdyktige nyetableringar og auka sysselsetting og vekst i etablerte bedrifter.

Besøksutvikling: Få fleire hytteeigarar (second homes) til å nytte hyttene sine og nytte sine ressursar inn i regional næringsutvikling. Vekst i sysselsetting og omsetning hjå bedrifter som lever av besøksnæring.

Busetting: Halde på dei innbyggjarane vi har og tiltrekkje oss nye.


Vekstkommuneprosjektet i Stordal kommune har sjølvsagt også etablert eit nært og godt samarbeid med Fjordhagen AS.

Vi ynskjer med dette Fjordhagen AS velkomen med på laget og vi ser fram til å få høve til å profilere verksemda på best mulig måte i tida framover!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove