Fotograf: Hallgeir Hove
Mange som vil spele futsal i Stordalshallen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
John Erik viser fram den nye loggboka som er på plass på vaktrommet. Bruk den, men ikkje misbruk den! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Slik kan det bli sjåande ut til slutt, når dei som nyttar idrettshallen moppar etter seg. fotograf Hallgeir Hove

Fleire fotballtreningar på plass!

Dei ulike laga innan fotballgruppa var i går kveld samla for å finne ei best mulig fordeling av treningstidene i idrettshallen, seg i mellom. Med bakgrunn i dette, er mange nye treningar komne på plass i oversikta og i tillegg er det nokre treningar som er blitt flytta på. Legg også merke til at det igjen vert peika på viktige moment i høve bruken av Stordalshallen her.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.11.2015

Møtet i går kveld synte med all tydlegheit kor viktig det er at dei ulike laga i fotballgruppa kjem saman og drøftar korleis fordelinga av treningstidene, mellom laga, bør bli. 

Fotballgruppa, med John Kristian Hjelle i spissen, skal ha ros for jobben som er lagt ned for å finne best mulige løysingar og då også ikkje minst i høve til det omsynet som er tatt i høve til andre aktivitetstilbod som t.d. skulekorpset, barnekoret, ungdomsklubben, kulturskulen, barneidretten osv.

Studerer ein oversikta, ser ein at det framleis er slik at både fredagskveldane og søndagskveldane kan utnyttast betre enn dei blir. Skal det bli plass til meir trening på alle, ja så må ein nok også her hjå oss - i større grad - ta i bruk meir enn fire av vekedagane. 

Frå 1. januar av skal det, som kjent, nye treningstider på plass. Desse vert då gjeldande fram til våren. Praksisen med at fotballgruppa sjølv tek hand om fordelinga innad i gruppa vert vidareført og dermed er det grunn til å tru at det vert nytt møte i gruppa i god tid før årsskiftet.

Invitasjon i høve til å søkje på trenings- og øvingstid kjem med det første. Då er det også viktig at fotballgruppa syter for å spreie denne informasjonen vidare ut, slik den når ut til alt av leiarar i dei ulike undergruppene.

Enkelte øvingar/treningar går ut
Det kan også passe med ei påminning i høve til at det med jamne mellomrom vert lagt ut ei oppdatert oversikt over treningar/øvingar som må gå ut pga arrangement, besøk el.l. Denne oversikta finn ein på same staden som der oversikta over treningstidene er. Eit godt døme på dette ser ein denne veka, når Stordal Hornmusikklag på onsdagskvelden startar førebuinga til sin store konsert på laurdag. Dermed er 2/3 av idrettshallen oppteken frå og med i morgonkveld av.

MEN VIKTIGARE ENN ALT DETTE OVANFOR ER DET AT INSTRUKSANE FOR BRUKEN AV STORDALSHALLEN VERT FULGT! (OG DÅ GJELD DETTE SJØLVSAGT ABSOLUTT ALLE!)

Det er dessverre slik at det framleis er nokon som slurvar med å feste handballmåla til golvet, eller til veggen (når dei ikkje er i bruk). Det vert difor nok ein gong presisert at dette er noko ALLE må sjekke, når dei kjem til idrettshallen! Lause handballmål er nemleg livsfarleg! Det er fire boltar på kvart av måla og alle desse skal festast i golvet. Dei to bakre boltane skal skruast heilt ned!

Det er vidare også slik at uvedkomande ikkje skal opphalde seg på utstyrsromma. Dette er det den ansvarlege for treninga som må passe på. Det er mykje tungt utstyr som er lagra på desse romma og difor skal ikkje born dit.

Det er også slik at "sporten" med å ferdast på taket til Stordalshallen ikkje ser ut til å opphøyre. Dette er sjølvsagt først og fremst ein stor risiko for dei som ferdast der. Vidare skal det veldig lite til, før det går hol i takpappen og dermed lekkasje.  

Ved å vise til instruksen i si heilheit (eigen pdf nedst på sida) minner ein til slutt om at siste gruppe kvar kveld skal moppe, sløkkje alt av lys og låse! Alle som nyttar Stordalshallen skal skrive i loggen at dei har vore der og sjølvsagt skrive i mopplista etter at dei har moppa.

Om nokon skulle vere i tvil, så er det altså dei som trenar i idrettshallen sitt ansvar å ha naudsynt førstehjelpsutstyr tilgjengeleg.

Sjå instruksen i si heilheit, nedanfor!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove