Fotograf: Storfjordnytt
Folkedansgruppa har det rett så kjekt saman! No er dei også i full gong med nedvask fotograf Storfjordnytt
Fotograf: John Kristian Hjelle
Flott gjeng som stilte opp på kort varsel og fekk fjerna svarte strek på golvet, før lakking i 2008 fotograf John Kristian Hjelle
Fotograf: Hallgeir Hove
Einar og Kirsten tok hand om å beplante partiet langs trappa ute fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Eianr og Sondre målar i foajeen. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ole Aasen, ein av mange som har vore god å ha, både i samband med reparasjonar og anna. Her har han og Einar fiksa på skadd utstyr fotograf Hallgeir Hove

Flott dugnadsinnsats av folkedansgruppa

Stordal Folkedansgruppe møtast fast onsdagskveldane i Stordalshallen og det er god oppslutning kring det flotte tilbodet. Dei arrangerer også eigne dansekveldar og dei tek imot gjestar utanfrå, som t.d. Ungdomslaget Ivar Aasen. Sist laurdag var seks av medlemmane til den aktive gruppa også i full gong med å vaske ned på kjøkkenet i Stordalshallen.    

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.04.2013

Folkedansgruppa synest det er viktig å stille opp på ein slik måte og på den måten bidra til at Stordalshallen kan framstå på best mulig måte både for dei som brukar den til dagleg og for dei mange som kjem på besøk.

Slike dugnadsrundar har vore vanleg i alle år ved Stordalshallen og som kjent var det nettopp mellom anna takka vere den enorme dugnadsinnsatsen at det i det heile var mulig å realisere prosjektet for over 15 år sidan. Det er supert å registrere at denne dugnadsånda lever vidare også i høve til dei årlege vedlikehaldsdugnadane! Det er heller ikkje til å legge skjul på at det ein sparer ved å unngå å måtte leige inn folk til dette arbeidet, kjem godt med i høve til m.a. å få på plass nytt utstyr og i høve til å halde vedlike alt det vi har frå før.

Folkedansgruppa har ikkje tenkt å gje seg med dei fire timane der seks av medlemmane var i sving, sist laurdag. På førstkomande torsdag vil dei etter planen halde fram med nedvask og dermed vil det etterkvart også bli sett i gong med målingsarbeid både i garderobar, foaje og andre stadar.

Vidare har også Stordal Hornmusikklag/Stordal Skulekorps meldt at dei vil ta på seg å få slipa og bona golva både på kjøkkenet og på vaktrommet, med det første.  

Oppmodinga går no også til dei øvrige brukargruppene og det er arbeidsoppgåver "for ein kvar smak". Vår vaktmeister Einar K Hove vil sjølvsagt syte for å rettleie i høve til kva som skal gjerast og korleis. 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove