Fotograf: Hallgeir Hove
Gjengen som fekk vaska vekk svarte strek m.m. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Gjengen som var i sving på torsdagen. I tillegg også Frode Færøy og fotografen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Store flater som skal sjåast over og vaskast fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Litt dugnadskaffe vart det også tid til fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Olai har dreisen på å reparere plastbelegg på slalomski og det vert litt på same viset, når parketten skal bøtast fotograf Hallgeir Hove

Flott dugnadsinnsats, igjen!

På onsdag og torsdag denne veka er mykje godt arbeid utført ved Stordalshallen. Det primære har vore å klargjere golvet til lakkering i starten av august, men i tillegg er anna flott arbeid også lagt ned. Totalt er det utført 38 dugnadstimar desse to kveldsøktene.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.07.2015

Både onsdag og torsdag pågjekk dugnadsarbeidet på 2 timar (frå kl 1900 til kl 2100) og første kvelden gjekk med til å fjerne svarte strek og anna skit på golvet.

Kveld nummer to var det fokus på å reparare skadar i parkettgolvet, men i tillegg vart det teke ned mykje støv og skit på ventilasjonskanalane over tribuna. Vidare vart det rydda på lageret og handballmål fjerna.

Brukargruppene vart oppmoda til å stille opp med ein person kvar til dette dugnadsoppdraget og her ser ein kven som var med desse to kveldane:  

Onsdag 1. juli:
Eilif Falch - Storfjord Taekwon-do
Linda Falch - Barneidrettsgruppa
Tore Hoel - Stordal Folkedansgruppe
Ole Magnar Øvrebust - Barneringen (folkedans for barn)
Ingrid Busengdal - Stordal Alpin
Unnur B Huse - G 7/8
Nina Hauglid - G 13
Svein Roar Tafjord - G 13
Severin Hovde - G 13
Hallgeir Hove - J 14
Helga L Skodjereite - Junior damer
Thomas Kirkebø - Senior herrer

Torsdag 2. juli:
Bjørn Busengdal - Stordal Hornmusikklag
Per Anker Vad - Stordal Folkedansgruppe
Unnur B Huse - G 7/8
Frode Færøy - G 9/10
Olai Nakken - G 16
Knut I Simonsen - J 11
Hallgeir Hove - J 14

Kjempeflott innsats av alle saman og sjølvsagt avgjerande viktig for at golvet skal bli bra, etter at lakkeringa er ferdig utført i starten av august.

Fleire bilder frå onsdag

Fleire bilder frå torsdag

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove