Fotograf: Hallgeir Hove
Eit langt 17. mai-tog i Stordal med ordførar og flaggberarar i front fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Amalie Jacobsen Dyrkorn
Det var særs god oppslutning om toget også på Dyrkorn fotograf Amalie Jacobsen Dyrkorn
Fotograf: Hallgeir Hove
Emile Sylte Hove (f.v.), Ingrid Løset og Helga Løset Skodjereite held flott tale for dagen, ved Løsetstova fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stor innsats for å få spikaren først ned i planken. Mange kjekke leikar på stadion i godveret fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Kulturkvelden i Stordalshallen trekte som vanleg mykje folk og flott vart den også denne gongen fotograf Hallgeir Hove

Flott feiring!

Det vart ei rett så flott feiring av Nasjonaldagen vår, både på Dyrkorn og i Stordal, også denne gongen. Det var stor oppslutning kring dagsprogrammet begge stadane og om kvelden var Stordalshallen fullsett då ungdomsklubben arrangerte kulturkveld der.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 23.05.2014

I Stordal starta toget kl 10.45, etter at Kjell Magne Moe hadde fyrt av salutt. Det var særs god oppslutning kring toget, som tradisjonen hadde innlagt stopp ved Stordalstunet. Stordal Skulekorps og Stordal Hornmusikk spela, medan Stordal Barnekor song for bebuarane der.

Når så alle var på plass ved bygdetunet, kunne Bjørnar Midtbust ynskje velkomen, på vegne av Nejaføringane (årets arrangør). I tillegg til at korpsa spela, også der, vart det helde tale for dagen. I og med Grunnlovsjubileet, hadde ein valgt å få på plass ungdomar på hhv 18 år og 14 år, til å halde talen. I tillegg var planen at ein skulle ha med ein på 81 år, men då ein ikkje lukkast med dette, kan ein slå fast at også erstattaren, den langt yngre Ingrid Løset, var eit godt val. Det var ho som tala til forsamlinga først og dernest fekk vi høyre Emilie Sylte Hove (14) og Helga Løset Skodjereite (18). Dei hadde alle fokus på det jubileet vi no feirar over heile landet og vi fekk m.a. også høyre meir om korleis livet arta seg i Stordal på den tida då Grunnlova vart skriven. Ingrid Løset kom også inn på dei utfordringane stordalssamfunnet står overfor i dag og oppmoda alle til å stå saman i møtet med desse. Ho slo også fast at vi i fellesskap har fått til så mykje flott her i kommunen vår og at ikkje minst også dette vil gjere at vi står ekstra godt rusta i tida framover. Ingrid Løset avslutta med ei oppmoding til oss alle, også på vegne av dei to unge talarane, knytta til miljø. Lat oss i fellesskap ta vare på jorda og hugs på at den ikkje er vår, men at vi berre låner den av våre etterkomarar! 

Dei tre fekk vel fortente blomster utdelt av Bjørnar Midtbust og Bulent Øcalan (leiar i hovudkomiteen) Etter at Bjørnar så hadde orientert om det som skulle skje vidare utover dagen, vart arrangementet ved bygdetunet runda av.

Kl 13.00 var det så klart for gudsteneste i Rosekyrkja. Kl 15.00 held arrangementa fram ved Stordalshallen og Kirkebø stadion. Der var det laga til kafe i idrettshallen og på stadion kunne ein vere med på alt frå konkurransar i å slå spikar, potetløp, sykling, stylter, trillebår og mykje anna kjekt. I tillegg var det sjølvsagt fleire som nytta den nye flotte skateparken og elles litt fotball ute på grasmatta. Når så klokka nærma seg 17.00, trekte alle inn for å få med seg kulturkvelden i Stordalshallen.             

På Dyrkorn var det tradisjonell 17. mai-feiring, som starta med middagsservering på Dyrkorn grendahus. På menyen i år var det kjøttkaker med surkål, noko som fall i smak hos dei mange frammøtte. Kl 14.15 var det klart for tog frå Grendahuset og ned til Bakkeplassen. Stordal Hornmusikklag med forsterkingar frå skulekorpset, sytte for ei flott ramme, saman med hyppige hurra-rop frå dei vel førti små og store deltakarane i toget.

Tilbake på grendahuset var det sal av kaffi, kaker og leikar for barna. Det var tipping på vekt på godteri og lotteri med trekking av blomster og kaker. Årskomiteen for Dyrkorn Vel var arrangør.

Kulturkveld

I og med Grunnlovsjubileet, var det ordførar Charles Tøsse, som var programleiar denne gongen, noko han sjølvsagt meistra på utmerka måte. I tur og orden kunne han introdusere det eine flotte kulturinnslaget, etter det andre. Tradisjonen tru, var det Stordal Barnekor, som entra scena først og imponerte gjorde dei som vanleg. Vidare fekk vi oppleve både unge og vaksne folkedansarar, vi fekk høyre gruppa JARM (Julie Olsen Almås, Amalie Ekroll Hove, Rebekka Helland, Mathilde Vinje Øvrebust, Jesper Vos og Gabriel Arne Busengdal), Jenny Marita Sørås (både åleine og saman med Robert Iversen på gitar) og Paula Løset Skodjereite.

Leiaren for Stordal frivilligsentral, Bjørg Jacobsen framførte også ei flott helsing på vegne av alle frivilligsentralane på Sunnmøre, i høve Grunnlovsjubileet. Mange ord til ettertanke der.

Som vanleg var det også innlagt pause undervegs, slik publikum fekk høve til å fylle på med meir kaffe og kaker, frå det rikhaldige kakebordet til Stordal Skulekorps. Mot slutten av kvelden var det også klart for å dele ut gevinstar til dei mange heldige vinnarane i 17. mai komiteen sitt lotteri. Som vanleg hadde lokalt næringsliv vore rause med å gje gevinstar. 

Det var Jan Roger Hauge som hadde ansvaret for det lyd- og lystekniske i samband med kulturkvelden og elles også lyden ved bygdetunet. Han fortjener absolutt ros for vel gjennomført oppdrag og dei mange bilda frå kulturkvelden syner også kor flott det tek seg ut på scena, når Jan Roger får "frie tøylar".  

Ordføraren nytta også høve til å takke Nejaføringane for eit vel gjennomført arrangement på dagtid, tilsvarande takk til arrangørane på Dyrkorn og sjølvsagt også ungdomsklubben for den flotte kulturkvelden vi fekk ta del i. Ei ekstra stor takk retta han til Stordal Skulekorps og Stordal Hornmusikklag, som også denne gongen stilte opp i tog, både i Stordal og på Dyrkorn og elles spela både ved Stordalstunet og ved Stordal Bygdetun. Hornmusikken spela i tillegg også i samband med gudstenesta i Rosekyrkja. Av mykje flott frå scena, peika ordføraren på kor imponert han var over at det stadig dukkar opp nye songtalent i Stordal og at det er så mange av dei! Han var også viss på at ei viktig årsak til dette, var nettopp det imponerande arbeidet som Ragnhild Fauske legg ned kring Stordal Barnekor. Ragnhild var sjølvsagt på plass og akkompagnerte på piano, trass i at ho hadde vore sengeliggjande pga influensa før på dagen, og også ho fekk sin vel fortjente applaus frå ein fullsett idrettshall. 

Oppryddinga/nedrigginga var det elevane på ungdomssteget, saman med foreldra deira, som stod for og i løpet av ein time var alt saman kome på plass att og Stordalshallen var gullande rein!     

Ei ny flott fering av Nasjonaldagen vår var dermed over, ei feiring som på alle måtar verkeleg vart vellukka!

Sjå gjerne vår førehandsreportasje, der ein også kan vere med på eit tilbakeblikk på flotte feiringar heilt attende til 2006

På Barnas kommune si facebook-side har vi laga tre galleri, der ein finn mange fleire bilder frå den flotte feiringa i kommunen vår!

17. mai 2014 - Dyrkorn

17. mai 2014 - Stordal

17. mai 2014 - Kulturkveld i Stordalshallen

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove