Flott gåve frå pensjonistlaget

Stordalshallen er rikt utrusta også når det gjeld lyd- og lysutstyr. Dette vert nytta til både små og store arrangement, men vert rigga ned i etterkant kvar gong. No er det i tillegg kome på plass eit "plug and play - opplegg" i grendasalen, slik ein med lettheit kan koble seg til når behovet for lyd skulle dukke opp der.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.04.2013
Fotograf: Hallgeir Hove
Leiaren for pensjonistane kan smile tilfreds, etter at det nye anlegget i grendasalen er kome på plass fotograf Hallgeir Hove

Det er Stordal og Liabygda pensjonistlag, som har bidratt til at denne flotte løysinga kom på plass. Laget har som kjent nærare 100 medlemmar og arrangerer sine faste treff nettopp i Stordalshallen, første onsdagen kvar månad.

Før jul kjøpte dei inn to nye høgtalarar og nyleg kom også eige miksebord m/mikrofonar på plass. I og med at miksebordet, mikrofonane m.m. er plassert i eige skap, innfelt i veggen, vert dette ei permanent løysing der ein til ei kvar tid vil finne utstyret tilgjengeleg. Dette saman med den flotte prosjektoren i taket, som kom på plass for fire år sidan, gjer at alt ligg til rette for både framsyning av lyd og bilder. Og ikkje minst; dette skal vere så enkelt at sjølv dagleg leiar klarer handtere det! (og då skulle det vere mulig for dei fleste..)

Leiaren for pensjonistlaget, Einar K Hove, fortel at det er Jon Haraldsvik som har stått for trearebeidet og vidare at Per Magne Øvrebust var god å ha både i samband med innkjøp av rett utstyr, i samband med oppkoplinga og anna. (Haraldsvik har m.a. tidlegare også laga til den praktiske løysinga for lagring av team-track´n på utstyrsrommet vårt og P M Øvrebust har ikkje få timar bak seg som entusiastisk lydmann ved Stordalshallen)

Den samla kostnaden på dette nye utstyret kjem på nærare 10 000 kroner og dette er altså å sjå på som ei gåve frå pensjonistlaget til Stordalshallen (og dermed i røynda ei gåve til oss alle).

Vi nyttar høve til å rette ei stor takk både til Stordal og Liabygda pensjonistlag og til dei driftuge karane som hjalp til med å få dette på plass.

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove