Flott gåve til dugnadsbygda!

Maria Holand Tøsse har, saman med fotografkollega Camilla Kleppe Nanseth, laga ein super musikkvideo om Stordal. No går den som ein farsott på internett og på sosiale media, etter at den først hadde si premiere under Årsfesten - og ein fullsett idrettshall - på laurdag. I skrivande stund er det over 9 000 som har sett den suverene videoen på youtube!
 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.02.2014
Happy in Stordal
Happy in Stordal!

Maria ville lage videoen som ei lita gåve til dugnadsbygda og all den positiviteten og innsatsen som skjer og også NRK Møre og Romsdal har fått med seg at denne verkeleg har slått an!

Stor takk til både Maria og Camilla for den suverene videoen der også om lag halvparten av kommunen sine innbyggjarar - samt nokre utanfrå - er med! Det skal bli artig å fylje med på kvar dette endar! At det er god PR for Stordal, er det liten tvil i!

Meir om Øvrebustgrenda sin Årsfest i eigen reportasje.

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove