Fotograf: Hallgeir Hove
Alle deltakarane samla på scena til slutt fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Magnus og Karoline gjorde ein flott innsats som programleiarar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stian og Trine deler ut diplom og gåvepremiar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
I juryen sat Ola Stavseng, Jenny Kristin Langlo og Åge Staurset (t.h.) fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Jonathan Øie og Robert Sørås (frå arrangørane) assisterte Jan Roger Hauge (t.h.) på lyden fotograf Hallgeir Hove

Flott lokalmønstring!

10. klasse ved Stordal skule kan konstatere at lokalmønstringa av UKM sist søndag vart særs vellukka. Arrangørane hadde budd seg godt på førehand og deltakinga var også bra. Det var sceneinnslaga, og ikkje minst jentene, som dominerte denne gongen og ein fullsett grendasal såg ut til å like det dei fekk oppleve.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 09.06.2011

Det var totalt 8 sceneinnslag, der det aller meste av dette var song akkompagnert av komp og det er all grunn til å hevde at jentene gjorde sine saker særs bra. 

I tur og orden fekk vi høyre:

Gruppa "Charis", som består av fem jenter med bakgrunn frå Stordal barnekor. Dei framførte låta "Bedre sammen".

Amalie Dyrkorn song "White Horse" av Taylor Swift.

Amalie Ekroll Hove framførte "Fix you" av Coldplay.

Gunn Eli Hjelle og Amalie Ekroll Hove song saman på "Russian Roulette" av Rihanna.

Helga Løset Skodjereite framførte "It´s not too late" av Demi Lovato.

Ingrid Busengdal framførte to songar. Først "Stay" av Miley Cirus og deretter "Sweet silver lining" av Kate Voegele.

No var ikkje alle sceneinnslaga til komp. Jenny Marita Sørås framførte den eigenkomponerte låta "Judge" der ho også hadde skrive teksten sjølv (piano og song). Det er ekstra kjekt å registrere at også eigenprodusert materiale vert framført og Jenny Marita fekk også særs god respons frå publikum.

Det same gjorde Sivanja Naguleswaran, med sin flotte indiske dans. Det ho presenterer frå scena er særs flott å sjå på. Både den unike kroppsbeherskelsen den flotte koreografien og den staselege drakta er ein fryd for auge.

UKM er sjølvsagt meir enn dans, song og musikk og også denne gongen var det eiga utstilling av kunst. Dessverre var det berre to som hadde valgt å delta denne gongen, men likevel var det kjekt å få sjå kor flotte arbeid dei hadde laga. Både Eirin Renate Reite Wiik og Ylva Mari Skavøy deltok under lokalmønstringa i 2010 og no var dei på plass att med nye fine objekt.

Om lag midtvegs i programmet var det lagt inn kaffepause og salet av kaker og anna godt, såg ut til å gå strykande. 

Dugande programleiarar var Magnus Øvrebust og Karoline Dyrkorn Alne. Dei nytta avslutningsvis høve til å takke alle deltakarane, som kvar og ein fekk flott diplom og gåvepremiar. Takk vart også retta til dei som hadde styrt med lyden, til dei som utgjorde juryen, til verksemdene som hadde støtta opp med gåvepremiar og ikkje minst til alle dei som hadde møtt fram. Sondre peika på at dette var kjærkomne pengar til reisekassa og hausta naturlegvis ekstra applaus for det.

Vi har sjølvsagt bilder av alle deltakarane også enkeltvis. Dette finn du i Stordalshallen sitt bildegalleri. Då klikkar du HER.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove