Fotograf: Hallgeir Hove
Vel fortente blomster til Maria, Eva, Gunn Berit, Eva, Martine og Marit! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Varaordførar og leiar i den lokale jubileumskomitéen, Eva Hove, ynskjer velkomen fotograf Hallgeir Hove

Flott temakveld i høve Stemmerettsjubiléet

Den lokale komitéen for Stemmerettsjubiléet 2013, hadde fått på plass fem rett så profilerte damer til temakvelden i Stordalshallen, onsdag 12. juni. Ekstra kjekt då å registrere at interessa for å få med seg det heile var så stor.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 13.06.2013

Det var varaordførar Eva Hove som hadde gleda av å ynskje velkomen og etter at ho hadde orientert litt om jubileet og om temaet for kvelden, gav ho ordet til Maria Holand Tøsse. Maria var nemleg kveldens programleiar, noko ho meistra på glimrande vis sjølvsagt.

I tur og orden vart dei tre damene, som skulle ta føre seg temaet, introduserte og det er liten tvil i at dei hadde mykje på hjartet og at det som kom fram verkeleg var tankevekkjande. Men før desse slapp til, hadde vi gleda av å få oppleve forfattaren Marit Kaldhol, som også hadde takka ja til å delta. Marit si flotte framføring av dikt og Maria sin vakre song var begge deler med på å gjere kvelden endå finare. 

Litt tid til å strekkje på beina, trekke frisk luft og ikkje minst nyte dei gode kakene og kaffien som vart servert, vart det også sett av tid til omlag midtvegs.

Det var Eva Vinje Aurdal (Ålesund), Gunn Berit Gjerde (Hareid) og Martine Aurdal (Oslo), som var henta inn for å ta føre seg tema for kvelden, nemleg: Kvinna si stilling etter 100 år med stemmerett. Gjennom å dele eigne erfaringar med oss og gjennom å presentere tall og fakta frå undersøkingar dei siste åra fekk dei verkeleg sett lys på korleis stoda er. Ein umåteleg viktig kamp vart vunnen for 100 år sidan, men det er nok på det reine at det er ein heil del som står att, før ein kan hevde at ein har nådd målet om at alle skal ha like muligheiter uavhengig av kjønn. Noko av det som vart trekt fram som vesentleg for at ein skal kome dit, er nettopp å få sett fokus på og formidla ut korleis det står til. Slik sett var det kjekt å registrere at det nok var om lag 60 til stades i grendasalen, trass godveret som hadde teke seg ein snarvisitt. Kanskje er det likevel grunn til bekymring, når dei aller fleste av dei frammøtte hadde passert 30 års alderen?

Det er liten tvil i at dei mange frammøtte sette stor pris på det dei hadde fått vere med på og velfortent applaus vart gjeven både undervegs og til slutt, då leiaren for jubileumskomitéen, Eva Hove, overrekte blomster til dei alle. Før dette vart vi også orientert om komande arrangement her i Stordal, i høve jubileet, og det er nok mange som ser fram til å få delta på desse! Meir om dette på den flotte facebooksida komiteen har oppretta.

Vi takkar og gratulerer den lokale komitéen med eit flott arrangement og ikkje minst takkar vi dei flotte damane som var med og bidrog til ein så innhaldsrik og flott kveld.

Gratulerer med Stemmerettsjubiléet, alle saman! 

Fleire bilder frå temakvelden på Stordalshallen si facebookside.  

Du finn bilda også i eitt av Stordalshallen sine mange bildegalleri.   

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove