Flott vårkonsert med heile fire korps og aspirantar!

Vårkonsert Stordal skulekorps 2017 - Klikk for stort bildeVårkonsert Stordal skulekorps 2017 Hallgeir Hove

Stordal skulekorps sin konsert sist søndag, var imponerande saker. Då siktar vi ikkje berre til talet på deltakande korps, men også kvaliteten på det publikum fekk servert. Det var også mykje anna flott på programmet.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 30.03.2017

Vårkonsert Stordal skulekorps 2017 - Klikk for stort bildeVårkonsert Stordal skulekorps 2017 Hallgeir Hove Vårkonsert Stordal skulekorps 2017 - Klikk for stort bildeVårkonsert Stordal skulekorps 2017 Bjørnar Midbust Vårkonsert Stordal skulekorps 2017 - Klikk for stort bildeVårkonsert Stordal skulekorps 2017 Hallgeir Hove Vårkonsert Stordal skulekorps 2017  - Klikk for stort bildeVårkonsert Stordal skulekorps 2017 Hallgeir Hove

Stordal Hornmusikklag, Vatne og Tennfjord Musikkorps og Vatne Hornmusikklag, deltok saman med Stordal skulekorps på årets vårkonsert og det er liten tvil om at publikum fekk "valuta for pengane" som det heiter. Det var tettpakka med flotte framføringar frå scena, det var eigen korpskafe og ikkje minst kjekk tombola.

Dette var også kvelden då Jenny Marita Sørås mottok synlege bevis på at ho er tildelt Stordal kommune sitt kulturstipend. Blant mykje anna Jenny Marita har helde på med i oppveksten, har det blitt mange år nettopp som medlem i Stordal skulekorps. I tillegg til sjølve spelinga, har ho også vore med som songsolist på fleire av dei flotte konsertane til skulekorpset og hornmusikklaget vårt. Vårkonserten på søndag var slik sett eit ypperleg høve for ei slik overrekkjing og det var ordførar Eva Hove som delte ut diplom, blomster og gåvesjekk på kr 3.000,-. Sjå meir om tildelinga i eigen reportasje.

Medaljar for å ha vore med i korpset i fem år, vart delt ut til: Carolus Øvrebust, Sanne de Vreize og Mariell Hove Busengdal.

Til liks med tidlegare vårkonsertar, vart ytterlegare nye musikantar presentert. Vi fekk, i tur og orden, oppleve heile sju nye aspirantar og det var heilt rett som konferansier Eva Hove introduserte med. Dette var rett så sjarmerande. Særs gledeleg er det sjølvsagt også å registrere ei slik god rekruttering til korpset og når vi er inne på dette med kvaliteten på det vi fekk høyre frå scena, var det imponerande saker det også desse sju leverte.

Blant dei som mottok blomster, mot slutten av konserten, var også dirigent Nick Ost. Vi har ikkje vanskar med å forstå kvifor!

 

Vi gratulerer både Stordal skulekorps og dei andre medverkande, med ein fantastisk konsert! Vi gjentek gjerne oss sjølve på kor heldige vi er som har eit slikt flott korpsmiljø, der rike musikktradisjonar i lokalsamfunnet vårt vert halde i hevd.

Sjå også eigen førehandsreportasje, med omfattande tilbakeblikk på tidlegare konsertar i skulekorpsregi.

For fleire bilder frå den flotte konserten sist søndag, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove