Folkefesten like om hjørnet!

Stordalscup, oversiktsbilde - Klikk for stort bilde

Førstkomande fredag er det endeleg klart for Stordalscup 2016. Ventetida er dermed på det næraste over no og både små og store har all grunn til å gle seg til ein ny og innhaldsrik folkefest! Det startar opp alt på fredag ettermiddag og så går det slag i slag til langt ut på søndag ettermiddag.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.10.2016
Stordalscup 2015 - Klikk for stort bilde Stordalscup 2012 - Stordalshallen - Klikk for stort bilde Stordalscup 2012 - Stordalshallen - Klikk for stort bilde Stordalscup - sett frå Fjelladalen - Klikk for stort bilde

Funksjonærlistene er for lengst delte ut til hundrevis av friviljuge og dei vil i fellesskap - som vanleg - gjere alt som står i deira makt for at dei tusenvis som gjestar Stordal denne helga skal ha ei best mogleg oppleving.

For meir om Stordalscup, viser vi til vår tidlegare førehandsreportasje (der du også kan ta eit omfattande tilbakeblikk på tidlegare arrangement) 

Her er Stordalscup si side på facebook

Her er Stordalscup si heimeside

Sjå program for heile helga, som pdf, nedst på sida her!

Vi ynskjer store og små velkomne til den 36. utgåva av Stordalscup og til nok ein folkefest her i Stordal!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove