Folkefesten nærmar seg!

Stordalscup 2018 - fotballturnering - Klikk for stort bildeStordalscup 2018 - fotballturnering Hallgeir Hove

I skrivande stund er det berre 42 dagar att til folkefesten over alle folkefestar, nemleg Stordalscup. Dette blir den 39. utgåva og sjølv om det er fotballgruppa i Stordal IL som har vore arrangør alle desse åra, er det nok rett å hevde at det er eit heilt lokalsamfunn som er klare til å ta imot, når tusener på tusener besøkjer Stordal denne helga.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 10.05.2019

Jungeldyra er veldig populære. Dette er berre ein av mange kjekke aktivitetar - Klikk for stort bildeJungeldyra er veldig populære. Dette er berre ein av mange kjekke aktivitetar Stordalscup 2018 - I Stordalshallen skjer det også mykje  - Klikk for stort bildeStordalscup 2018 - I Stordalshallen skjer det også mykje Stordalscup 2018 - den beste grillmaten du kan tenkje deg!   - Klikk for stort bildeStordalscup 2018 - den beste grillmaten du kan tenkje deg! Hallgeir Hove Stordalscup 2018 - fotballturnering - Klikk for stort bildeStordalscup 2018 - fotballturnering Hallgeir Hove

Stordalscup starta opp som ei turnering med fire herrelag, for snart 40 år sidan. Etterkvart kom også damene med. Men det som bidrog til at det verkeleg tok av og vart til ein folkefest det heile, var nok det at ein valgte å satse på dei aldersbestemte laga. At Stordalshallen stod ferdig i 1997, hadde nok også mykje å seie.

Dei siste 20 åra kan Stordalscup dermed vise til besøkstal som er heilt eineståande og med ei deltaking på tett oppunder 100 lag. Sjølv om det naturlegvis har vore flest lag frå eigen krets, kan arrangørane også vise til deltakarlag heilt frå Polen. Holmlia frå Oslo og Vestbyen frå Trondheim har vore med fleire gongar. Lillestrøm har også vore med.

Når vi vågar oss på å omtale Stordalscup, som ein folkefest, handlar det naturlegvis også om at arrangementet, som går over 3 dagar, er så uendeleg mykje meir enn fotball. Det betyr også at mange av dei som kjem til Stordal denne helga, ikkje nødvendigvis er fotballinteressert i det heile. Alt frå fredag ettermiddag startar det heile opp og så kjem opplevingane tett, heilt fram til langt ut på søndag ettermiddag. For dei som har fått oppleve dette tidlegare, er det nok ikkje vanskeleg å sette av helga. Men er du ein av dei som lurer på kva dette er for noko, kan vi anbefale dykk å ta ein titt på tidlegare reportasjar, rikhaldige bildegalleri og filmsnuttar. Det er imponerande saker dette her.

Fotballen har sjølvsagt og ein sentral plass denne helga og no når arrangørane har opna for påmelding, er det lurt å ordne med nettopp det. Erfaringsmessig er det slik at ein del av klassene vert fort fyllt opp og ikkje minst difor, kan dette vere lurt. Du finn alt om påmeldinga her

I dagane framover, vil det vere ekstra lurt å fylje med på oppdateringane frå arrangørane. Då viser vi til:

Heimesida til Stordalscup

Stordalscup på facebook

 

Det er berre å gle seg for både liten og stor!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove