Jonathan Parr
Jonathan Parr er klar for Premier League - spel. Men før det, kjem han til Stordalscup
Stordal Dansebandforening
Endeleg får vi oppleve Stordal Dansebandforening att!
Jonathan Åmot Olsen
Jonathan Åmot Olsen er ein av landets beste i fotballtriksing. Møt han både på laurdag og søndag under Stordalscup!
Fotograf: Hallgeir Hove
Nytt denne gongen er det også at du kan få prøve deg i klatreveggen i Stordalshallen både på laurdag og søndag fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Holmlia frå Oslo er klare for Stordalscup også i år! Er du? fotograf Hallgeir Hove

Folkefesten nærmar seg!

Stordalscup er og blir ein folkefest. Når det no berre er vel to veker att, kan vi konstatere at også årets arrangement er fullspekka med opplevingar for både små og store.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 10.06.2013

Sjølv om Stordalscup er ei fotballturnering med 100 lag og om lag 1 000 spelarar er i aksjon, er det så uendeleg mykje anna som skjer. Difor samlar arrangementet tusenvis av gjestar kvart år og for dei fleste av dei, er det slik at dei rett og slett ikkje rekk over alt. Difor lønar det seg å studere programmet for folkefesten nøye på førehand. Det innhaldsrike programmet vil bli sendt ut til alle husstandar i distriktet vårt neste veke.

Jonathan Parr kjem!

Det er m.a. klart at Jonathan Parr vert å treffe under årets arrangement. Han skal, som dei fleste nok har fått med seg, møte Manchester United, Chelsea, Manchester City og Liverpool komande sesong, etter at Crystal Palace sikra seg opprykk til Premier League. Sjølv om det er like før oppkøyringa startar for fullt i England, tek han seg likevel tid til å vere på plass også denne gongen. Kjempeflott! 

Jonathan Åmot Olsen kjem!

Jonathan Åmot Olsen er ein av Noregs tre beste triksarar, og han vil vere til stades på Stordalscup og ha framsyning laurdag og søndag, både inne og ute! Han vil også lære vekk triks til dei som er interessert i det.

Stordal Dansebandforening kjem! 

Stordal Dansebandforening er ein gjeng musikarvenner med tilknyting til Stordal. Dei har lang fartstid innan musikklivet og held eit særs høgt nivå. No er dei rett nok opptekne med andre ting elles i året, men dei gongane dei har kome saman og entra scena, har det verkeleg blitt suksess. Det har nærast blitt eit folkekrav at dei må gjere dette oftare og no får vi altså oppleve dei på ny. På den oppretta facebookhendinga les vi at Stordal Dansebandforening spelar musikk frå dei siste fire tiår i tillegg til dagens feitaste hits i dansbare rytmer. Ver klar for ein overraskande gjesteopptreden.

Stordal Dansebandforening er:

Vokalistar: Maria Holand Tøsse og Claus Hoff.
Trommis: Adrian Hoff.
Bassist: Sondre Midtbust.
Gitaristar: Åge Staurset og Daniel Kalvø.
Pianist/trekkspelhelt: Robin Aasen.


Dette er sjølvsagt berre litt av alt du kan oppleve. Les difor meir om folkefesten på:

Stordalscup si nettside

Stordalscup si facebook-side

Stordalshallen si nettside

I tillegg minner vi altså om at cup-programmet i si heilheit kjem neste veke!

Er laget ditt påmeldt?

Til slutt nemner vi også at det framleis er nokre få ledige plassar att i enkelte av klassane og dermed er det framleis sjans for å kome med i turneringa. Men då bør ein truleg vere om seg.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove