Folkefesten nærmar seg!

I skrivande stund er det under 3 veker att til folkefesten over alle folkefestar her i Stordal! Vi snakkar sjølvsagt om Stordalscup og som nemnt i tidlegare reportasjar, er det i år faktisk også 35 års-jubileum. Legg merke til at fristen for å melde på lag til turneringane, går ut den 13. juni.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.06.2015
Fotograf: Hallgeir Hove
Fornøgde spelarar og trenarar frå Aksla og Stordal under Stordalscup 2013 fotograf Hallgeir Hove

Til alle lag, som eventuelt ikkje har fått meldt seg på enno, kan vi berolige med at påmeldingsfristen er blitt utvida fram til laurdag den 13. juni, men då vert det også sett sluttstrek. Dei siste åra har det vore ganske så nøyaktig 100 lag med og i skrivande stund er arrangørane godt i rute i høve eit slikt tall også denne gongen.

Sjå vår tidlegare reportasje for alt om Stordalscup. Der kan du også vere med på eit omfattande tilbakeblikk på tidlegare folkefestar.

Her går du rett inn og melder deg på! (merk at fristen er utvida til den 13. juni)


 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove