Stordalscup 2014 - forside program
Sjå heile programmet over fire sider, som pdf, nedst på sida
Fotograf: Hallgeir Hove
Heile 91 lag har ein fått plass til også denne gongen! Gjett om dette vert moro! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Også i år kan alle som vil teste ut klatreveggen i Stordalshallen. Instruktørar frå klatrekubben er klare! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Grillmaten ein kan få servert under Stordalscup, er det ingen andre som kan matche! fotograf Hallgeir Hove
Stordal Dansebandforening
Utedansen på laurdagskvelden eit høgdepunkt for mange. Mykje tyder på at nærare 1 000 personar vil vere på plass!

Folkefesten startar i dag!

Då er endeleg ventetida over og folkefesten over alle folkefestar kan starte! Frå kl 18.00 i kveld og til langt ut på ettermiddagen søndag, er det eit tettpakka program så innhaldsrikt og variert at det knapt fins makan. Siste oppdatering frå sportsleg utval går på at dei har klart å presse inn tre lag til og dermed at ein har klart å få plass til heile 91 lag også denne gongen!  

Sist endret 27.06.2014

Månadsvis med planlegging er over og dei siste førebuingane er unnagjort, der hundrevis alt har vore i sving. Når folkefesten startar opp i kveld, vil ytterlegare fleire kome til og ein kan med rette hevda at heile kommunen er med når Stordalscup går av stabelen. 

Det startar med dokketeater kl 18.00 og etterkvart vil du også få oppleve resultatet frå songseminaret då mange unge vil entre scena og framføre både solo-innslag og fellessong. Det vert også minikonsert der både "Jarm" og "Endgame" skal opptre for oss. Som vanleg er det lagt opp til A-kamp også denne cup-fredagen og dermed kan du få oppleve eit heimelag i i skikkeleg cupform, i møte med gjestane frå Sæbø. Her ligg alt til rette for samba-fotball med stor stemning også på tribuna! 

Dei fleste har nok også fått med seg at Bergstrøms Tivoli er på plass og det er nok mange som har planar om å teste ut det dei har å by på.

Etter at arrangementa ved Kirkebø Stadion er ferdig, vert det open pub ved Nilsgardstunet, og Bjørn Bjørkis Aurstad vil syte for at det vert topp cup-stemning også der.

Men kvelden i kveld er berre ein liten forsmak på alt det som skal skje denne helga og det imponerande programmet, i si heilheit, finn du som pdf nedst på sida her.

Sjå også våre tidlegare reportasjar for mykje, mykje meir om folkefesten som altså startar om berre fem timar!!

Fyl gjerne også med på fyljande facebooksider for oppdateringar i løpet av cup-helga!

Stordalscup si facebookside 

Stordalshallen si facebookside

Barnas kommune si facebookside

VELKOMEN TIL STORDAL OG TIL STORDALSCUP 2014!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove