FOLKEMØTE

Torsdag den 28. mai er det klart for folkemøte om kommunereforma i Stordalshallen. Som innleiarar har prosjektgruppa fått på plass professor Bjarne Jensen og fylkesplansjef Ole Helge Haugen. Den som har fått i oppgåve å leie det heile, er tidlegare journalist i Sunnmørsposten, Jan Petter Albertsen.

Publisert av Randi Holmen Vestre. Sist endret 22.05.2015
Folkemøte den 28. mai 2015
Plakat - folkemøte

Stortinget gjorde 18. juni 2014 vedtak om at det skal gjennomførast ei kommunereform der ein skal ha ein gjennomgang av oppgåvene til kommunane, fylkeskommunane, fylkesmennene og staten. Siktemålet er at ein skal gi meir makt og mynde til færre, større og meir robuste kommunar.

Til å syte for framdrift i dette arbeidet, har kommunestyret velt ei prosjektgruppe med ordførar som leiar, og med varaordføraren og rådmannen som medlemmar.

I arbeidet har kommunestyret sagt at ein primært vil greie ut 4 alternativ.

Desse er:
• Halde fram som eigen kommune som i dag (Stordal-alternativet)
• Ein Storkommune for Nordre Sunnmøre med alle (dei fleste) kommunane på Nordre Sunnmøre (Bykommune-alternativet)
• Ein stor landkommune på nordsida av Storfjorden (Landkommune-alternativet)
• Ein kommune som består av 4-5 noverande kommunar langs Storfjorden (Storfjord-alternativet)

Både «bykommune-alternativet» (Regionkommune) og «landkommunealternativet» er ein godt i gang med å greie ut.
Framdrift og status så langt kan ein lese meir om på Sunnmøre Regionråd si nettside, under fana prosjekt. Her er referat frå møta i styringsgrupper og oversikt over arbeidsgrupper m.m.m.

Stordal kommunestyre har i Ksak-06/15 vedteke milepælsplan for «prosjektet». I denne planen vert det lagt opp til at det mellom anna skal haldast eit folkemøte i april/mai 2015.

Det er no bestemt at dette folkemøtet vert torsdag 28.mai kl.18.00 i Grendasalen.

Sjå eigen plakat, som pdf, nedanfor.

Sjå også vår artikkel om kommunereforma, for meir om m.a. framdriftsplan m.m. 

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove