Forteljarkonsert med Marit Kaldhol og Møremusikarane

Marit Kaldhol - Klikk for stort bildeMarit Kaldhol Øyvind Eide

Torsdag den 3. november er vi så heldige at vi får besøk av lyrikar og forfattar Marit Kaldhol og Møremusikarane Bjørnar Myhr og Jøran Hatten. Dei vil ta oss med på ein flott forteljarkonsert i Stordalshallen. Det heile startar kl 19.00.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 02.11.2016

Møremusikarane - Klikk for stort bildeMøremusikarane

Kva er verdien av eit menneskeliv, og kva for verdiar har vi i samfunnet? Marit Kaldhol har skapt lyriske tekster som undersøker verdiar. Flyktningproblematikk og situasjonen i verda i dag er mellom anna tema. Forfattaren framfører sjølv langdikta. Musikken vil forsterke tekstene med improsivsasjon, Balkanmusikk og element frå klassisk musikk. Lysdesign vil setje stemninga på konserten.

Marit Kaldhol har motteke ei rad flotte prisar og er vidare nominert til prestisjetunge prisar som t.d. ALMA-prisen. Sjå m.a. eigen reportasje i Sunnmørsposten frå tidlegare i år. For oss her i Stordal betyr det ekstra mykje å få besøk av Marit, då vi eigentleg langt på veg reknar ho som stordaling. Mange her har også hatt gleda av å ha ho som lærer ved Stordal skule og i tillegg har ho delteke både ved Kyrkjehola Kulturbeite, på temakveld for stemmerettsjubileet (juni 2013) og ved fleire andre høve.

Meir om Marit Kaldhol

Meir om Møremusikarane

Mågruppa for denne forteljarkonserten er vaksne og eldre ungdom. 
Speletid er 45 minutt.

Arrangør er Stordal bibliotek og framsyninga er gratis for publikum.

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som står bak konsertserien «Ordspel». Konsertserien består av tre forteljarkonsertar med Møremusikarane og tre forfattarar frå Møre og Romsdal. Konsertserien er sterkt subsidiert av fylkeskommunen.

Her i Stordal er vi så heldige at vi ved hjelp av gullkornmidlar frå Sparebanken Møre, har fått høve til å hente hit to av desse forteljarkonsertane. Her ser du førehandsreportasjen til den første av dei, nemleg "Grassentassar og Miljøsvin"

 
 
 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove