Magnus Emaka Einang
Magnus Emaka Einang til Stordal 8. oktober!
Magnus Emaka Einang
Magnus Emaka Einang fekk vere med og danse framfor 80 000 elleville tilskuarar på OL-stadion i London!

Frå OL til Stordal!

I mandagsutgåva av Sunnmørsposten kunne vi lese om dansaren Magnus Emaka Einang, som var med på å danse London-OL i gong. Magnus kjem frå Sandsøy, men bur i London. Etter at det vart kjent at han skulle ein snartur heim til Sunnmøre, har naturleg nok førespurnadane vore mange om å få besøk av den dyktige dansaren. Det er difor ekstra kjekt å kunne konstatere at vi har lukkast med å få han hit, måndag 8. oktober!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 20.09.2012

I staden for å gje seg i kast med å skrive meir utfyllande om den dugande dansaren, som altså fekk oppleve å opptre for 80 000 på OL-stadion i London (og der TV-bilda sjølvsagt gjekk verda rundt), presenterer vi her ein del lenkjer det kan interessant å fylje. Nedst på sida finn de også reportasjen i Sunnmørsposten, om du ikkje fekk med deg den. 

Magnus Emaka Einang performing at Gnist Scholarship Award 2012

Reportasje om Magnus på NRK Dagsrevyen, i samband med opningsshowet under London-OL 

Heimesida til kompaniet til Magnus Emaka Einang

Fyl Magnus også på facebook

Nettopp det å kunne gje barn og unge noko av det han sjølv alltid ynskte seg når han var i den alderen, er ei viktig drivkraft for Mangus. Dette var nok også avgjerande for at han valgte å utsette reisa tilbake til London, til stor glede for dei mange som i disse dagar får høve til å treffe han!

I og med at programmet er ganske så tettpakka for denne dansaren med ein CV det verkeleg står respekt av (sjå vedlegg), er vi sjølvsagt særs glade for at det lukkast oss å få han hit til Stordal måndag den 8. oktober. No er rett nok dette i haustferien og difor er det kanskje ein del som alt har planlagt å reise vekk, men uansett reknar vi med at det kjem til å bli ganske så fullt i Stordalshallen denne kvelden!

I samråd med Magnus sjølv, tek vi sikte på å legge det heile opp slik at vi køyrer tre sekvensar og då slik at ein deler inn etter alder, frå 1. klassealder og oppover.

Den yngste gruppa vil då vere i sving frå kl 18.30 til kl 19.30. Den andre gruppa frå kl 19.30 til kl 20.30, medan dei eldste får den siste timen frå kl 20.30 til kl 21.30.

For å få til ei best mulig fordeling mellom dei tre gruppene vil vi at alle som ynskjer å delta, melder frå til Bjørg Jacobsen innan måndag 1. oktober. Fint om ein då også får med alder. Send e-posten til: bjorg.jacobsen@stordal.kommune.no

Vi kan ikkje utelukke at det kan bli aktuelt å måtte sette eit tak på kor mange som kan delta på kurset og då må prinsippet om "først til mølla" gjelde. 

Det høyrer også med å nemne at det i Barnas kommune, sjølvsagt er gratis å få vere med på kurset!

Vi gler oss veldig!!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove