Framdrifta på tilbygget går etter planen!

Det har skjedd mykje i høve tilbygget ved Stordalshallen dei siste vekene og om du ikkje er klar over det, kan du altså fylje med frå dag til dag på vår oppretta facebook-side!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 18.10.2013
Fotograf: Hallgeir Hove
No tek tilbygget verkeleg form! fotograf Hallgeir Hove

I desse dagar er det stålkonstruksjonane som er i ferd med å kome på plass og dermed tek tilbygget verkeleg form!

På facebooksida kan du m.a. sjå mange bildegalleri, som viser framdrifta. Det har vore lagt ned mykje dugnadsinnsats, også etter at grunnarbeidet var ferdig. Også dette er dokumentert på facebooksida.

I tillegg vil du også finne ei oversikt over Stordal IL sin gåveaksjon på facebook-sida og sjå at pengane strøymer inn.

Vi nemner også at det i skrivande stund er heile 237 personar som har valgt å engasjere seg i utvidinga av Stordalshallen på denne måten! ..og talet stig stadig!

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove