Fotograf: Bjørg Jacobsen
Damene fyllte frivilligsentralen første kvelden med linedance-trim fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Full konsentrasjon når nye trinn skal innlærast fotograf Bjørg Jacobsen

Fullt hus på Linedance!

Førre måndag var det oppstart av Linedance-trim for damer 30 +. Heile 35 damer frå 30 år og oppover møtte opp! Dermed vart frivilligsentralen faktisk for liten, sjølv om denne i utgangspunktet har rikeleg med areale. Den enorme interessa gjer difor at aktiviteten vert flytta til Stordalshallen, frå og med 6. mai.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 06.05.2013

35 damer frå 30 år og oppover møtte altså fram til oppstsarten av det som er blitt kalla Linedace- trim. Her er det meininga at ein skal ha det artig i lag, i følgje initiativtakarane Torunn Sylte Sæther og Hilde Skrede. Dei to, i tillegg til Palma Flåen Øvrebust, hadde veka før, besøkt Vestnes Linedanceklubb og fått øva litt med dei.

Nokon av dei andre som var tilstades denne første gongen, har tidlegare vore med på kurs, så heilt ukjent var det ikkje. Men her er det ikkje om å gjere å lære seg flest mulig dansar, eller å bli flinkast mulig, alle skal vere trygge på ein dans før ein går vidare til neste - og det viktigaste av alt er sjølvsagt å ha det artig i lag. Og artig var det, heilt frå første steg! Å telje til åtte (opptil fleire gonger i strekk) og få stokka føtene fram og tilbake, til høgre, venstre, hæl og tå på ein gong er ikkje så enkelt som ein skulle tru. Men med mange og gode repetisjonar, kom det meste på plass, og då det var klart for å sette musikk til stega, gjekk det strålande! Det var kjekt å sjå at så mange ville bli med, og om nokon ikkje fekk det med seg sist, er det berre å møte opp neste gong!


Linedance-trim finn du også på facebook  og måndagar kl 20.30 er det berre å møte opp i Stordalshallen!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove