Fotograf: Hallgeir Hove
I fjor var det Aafk sine dyktige juniorar, som kunne heve pokalen i Stordalshallen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Her er ein del av stordalsjentene, som skal i aksjon på heimebane neste helg fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det er skikkeleg spanande og underhaldande med futsal! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Her frå ein av kampane under futsalhelga i mars i år fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Arrangørklubben har lang erfaring med å stå som arrangør av KM i Stordalshallen fotograf Hallgeir Hove

Futsal-sesongen er i gong!

I desse dagar vert ein ny futsal-sesong sparka i gong og også denne vinteren med både KM og futsal-serie i Stordalshallen. Det startar med KM for jentene i 13-års klassa neste helg, der det også skal vere sluttspel her hjå oss, andre helga i januar. I tillegg vert det tre helgar til og då med futsalserie 10-12 år. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 14.11.2014

Heilt sidan Stordalshallen stod ferdig i 1997 og fram til i dag, har fotballgruppa i Stordal IL stått bak flotte KM-arrangement her. Også denne gongen skal gruppa stå som arrangør og no er det jentene i 13 års-klassa frå heile Sunnmøre, som kjem for å gjere opp seg i mellom.

Arrangørklubben Stordal stiller sjølvsagt også lag og det skal bli ekstra spanande å fylje med på desse flinke jentene på heimebane neste helg. Fyljande lag er med i same pulje som stordalsjentene, der dei tre beste går vidare til A-sluttspelet: Aksla, Spjelkavik, Guard og Ørskog. Også A-sluttspelet skal gå av stabelen i Stordalshallen. Dette skjer søndag den 11. januar. 

Meir informasjon om KM-arrangementet 22. og 23. november, finn de i eigen pdf, nedst på sida.

At det er moro å spele futsal, er det liten tvil om. Det viser også den store interessa for å vere med på både KM og i futsal-serien. Også publikum har funne ut at dette både er fartsfylt, spanande og underhaldande.

Sjå gjerne våre tidlegare reportasjar og bildegalleri, for meir om KM og om futsal i Stordalshallen!

KM for junior herrer 2013, der Aafk gjekk til topps (med lenker til reportasjar frå tidlegare KM-arrangement)

Eit tilbakeblikk på det meste, når det gjeld futsalserien 10-12 år, finn du her.

På Sunnmøre Fotballkrets si heimeside, finn du alle detaljane kring Futsal KM og Futsal-serien 10-12 år. 

Då er det berre å gle seg til ein ny og spanande futsal-sesong i Stordalshallen! Møt opp på laurdag den 22. og søndag den 23. november og få med deg KM for J 13!

..og alt helga etter, er det klart for første del av futsalserien 10-12 år, her hjå oss!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove