Futsalserie også denne vinteren!

Sunnmøre Fotballkrets sitt særs vellukka konsept knytta til ein eigen futsalserie vinterstid, vert ført vidare. Dette betyr m.a. at det vert futsalfotball heile fem helgar i løpet av perioden november til mars, også i Stordalshallen. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 18.10.2013
Fotograf: Hallgeir Hove
Aksla og Spjelkavik sine flinke jenter har gjort opp seg i mellom, og ingen sure miner fotograf Hallgeir Hove

Futsalserien er for laga i aldersgruppa 10 til 12 år, og Sunnmøre Fotballkrets meldte nyleg om at alle klassene no er fullteikna og dermed er heile 106 lag klare!

Futsalhelgane er både fartsfyllte og kjekke og arrangørane rundt om i idrettshallane er flinke til å lage til ei skikkeleg flott ramme rundt det heile.

Sjå gjerne våre reportasjar og mange bilder frå nokre av futsalhelgane i Stordalshallen sist vinter!  NB! Fyl lenkene i reportasjane du kjem til, for endå meir!

Meir info om futsalserien

Sunnmøre Fotballkrets på facebook 

Vi gler oss til å ta imot hundrevis av unge og ivrige fotballspelarar og kanskje minst like ivrige og engasjerte trenarar, foreldre og besteforeldre! :) 

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove