Fotograf: Hallgeir Hove
Stordal G 12 var eitt av mange lag som imponerte fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Strandarane kan spele fotball, det er det ingen tvil om fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
I klasse J 12 var det også mange flotte oppgjer. Her er det jentene frå Herd og Stordal som jublar etter kampslutt fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Blindheim stilte med to lag i klasse J 12 og delta også poenga seg i mellom. Her er tre av dei flinke dommarane som deltok i lag med jentene frå BIL fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Gutane frå Rollon og Herd samla til fellesbilde etter ferdigspela kamp. Super gjeng! fotograf Hallgeir Hove

Futsalserien vinteren 2014 - 2015 i gong!

Denne helga har hundrevis av unge fotballspelarar frå heile Sunnmøre vitja Stordalshallen, når vinterens futsalserie for dei mellom 10 og 12 år vart sparka i gong. Alt tydar på at interessa for å få med seg dette flotte tilbodet som Sunnmøre Fotballkrets har fått i stand, er stadig like stor. SFK samarbeider også tett med klubbane og idrettshallane rundt om, for å få gjennomført dette seriespelet som verkeleg ser ut til å vere kome for å bli. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 01.12.2014

Til liks med sist helg, då det var KM, var det storskjerm i grendasalen med Messi, Ronaldo, Ronaldinho, Zidane m.fl i aksjon. I foajeen kunne ein fylje med på langrennsjentene sine herjingar på flatskjermen der og elles var det kafesal med dei deilegaste kakene og mykje, mykje meir.

Som vanleg har vi laga til bildegalleri også frå denne helga, men denne gongen har vi konsentrert oss om det som skjedde på laurdagen. Sjå rundt 270 bilder på Stordalshallen si facebook-side.

Når du fyl lenkene i tidlegare reportasjar, vil du finne hundrevis, ja for ikkje å seie tusenvis av andre kjekke futsalbilder frå Stordalshallen.

Her er elles reportasjen etter det særs vellukka KM-arrangementet sist helg.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove