Fysiotrimmen er også klare for å kome med på vinnarlaget!

Logo - Fysiotrimmen - Klikk for stort bilde Det er med stor glede vi no også kan konstatere at Fysiotrimmen AS, har inngått samarbeidsavtale med Stordalshallen. Dei aller fleste veit at vi finn Fysiotrimmen på Ørskog, der vi frå før av har ikkje mindre enn 12 verksemder med på laget! Totalt har vi no faktisk over 100 samarbeidspartnarar landet over! Vår nyaste samarbeidspartnar har verkeleg opplevd oppsving og har ei rad flotte tilbod å by på. Blant mange populære tilbod, nemner vi m.a. CrossFit Ørskog og EASYLIFE.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.01.2017

Fysiotrimmen - hovedsal - Klikk for stort bildeFysiotrimmen - hovedsal Fysiotrimmen - frivektsareal - Klikk for stort bildeFysiotrimmen - frivektsareal Fysiotrimmen - spinningavdeling - Klikk for stort bildeFysiotrimmen - spinningavdeling Fysiotrimmen - kondisjonsavdeling - Klikk for stort bildeFysiotrimmen - kondisjonsavdeling Det er Sigurd Groven, som eig og driv Fysiotrimmen AS. Han jobbar også 100% som fysioterapeut der og har driftsavtale med Ørskog kommune. Sigurd er i tillegg osteopat, utdanna ved Nordisk akademi for Osteopati. Med seg på laget, har Groven nærare 20 trenarar og instruktørar og har altså ei rad ulike tilbod.

Eit av desse tilboda er CrossFit der deltakarane får ekstra tett oppfyljing frå Fysiotrimmen sine instruktørar.

EASYLIFE er også veldig populært og Fysiotrimmen kan også her vise til deltaking frå eit stort geografisk område.  

Osteopati er i høgste grad også på sin plass å trekkje fram her, i og med at Sigurd også er utdanna osteopat. Osteopati skil seg på mange områder vesentlig frå fysioterapi og er eit sjølvstendig manuellmedisinsk og komplementærmedisinsk fag som bygg på anatomi, fysiologi, nevrologi, biomekanikk og ernæring.

Fysiotrimmen AS er lokalisert i det nye Liedbygget ca 100 meter bak Stopp 69 (Shellstasjonen) i Sjøholt sentrum. I bygget har dei mange store og innbydande lokale, der vi kan nemne både, hovedsal, konsdisjonsavdeling, frivektsavdeling, spinningsal (inkl videospinn)

Det er liten tvil om at det er vel verdt å slå av ein prat med den supre gjengen ved Fysiotrimmen, for deg som er glad i å halde deg i form, eller for deg som kanskje rett og slett ynskjer å få vite litt meir om kva som skal til for å få litt meir overskot i kvardagen? 

Fysiotrimmen si nettside, finn du meir om både CrossFit, om EASYLIFE og alle dei andre flotte tilboda.

Med Fysiotrimmen med på laget no, er det elles også slik at vi er i ferd med å sette sluttstrek i høve til kva verksemder som skal få vere med på Stordalshallen sine jubileumsskjorter og "buffar". Stordalshallen har no over 100 samarbeidspartnarar og opplever ei interesse større enn nokon gong. Dette synest vi ikkje minst er umåteleg stas no, når vi nærmar oss 20 årsdagen for storstova vår!

Med dette ynskjer vi vår nye samarbeidspartnar, Fysiotrimmen AS, velkomen med på laget og kan garantere at denne verksemda - til liks med dei over 100 andre med - no deltek på det mest unike profileringskonseptet som fins!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove