Gåvekortet gjekk til Stig Helland

Stordalshallen har no over 200 venar på facebook! Dette har vi markert ved å trekkje ut eit gåvekort til ein verdi av kr 500,-. Den heldige vinnaren heiter Stig Helland!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 28.03.2011
Fotograf: Hallgeir Hove
Tora og Bjørg leitar seg fram til vinnaren i oversikta, etter at talet var trekt ut av datamaskina. fotograf Hallgeir Hove

Det er naturlegvis særs kjekt å registrere at så mange har klikka på "likar" på facebook-sida til Stordalshallen For dei mange som har gjort nettopp det, vert det også lettare å halde seg oppdatert på alt det positive som skjer der. På denne måten kan ein verte minna på arrangement som skal finne stad ved Stordalshallen og sjølvsagt få tips om reportasjar laga i etterkant. Om det ikkje vart gåvekort på dykk denne gongen er det likevel grunn til å håpe at de set på pris på sida.

Det vert også oppretta eigne hendingar på facebook-sida og vi trekkjer med glede fram at det var over 370 personar, som på den måten sa ifrå om at dei kom til å delta på Årsfest 2011!

For moro skuld kan vi også sette opp ny premiering når vi passerer 300 venar på facebook. Vi trekkjer då ut eit nytt gåvekort til ein verdi av kr 500,-. I tillegg trekkjer vi ut 10 personar som får kvar sin hals frå Stordalshallen. Få gjerne med deg fleire av dine vener også då!

Takk for at du likar facebook-sida vår!

 

 

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove