Logo - Geiranger Turbuss AS
Geiranger Turbuss AS har lang fartstid i høve til å legge til rette for turistar og reisande elles
Geiranger Turbuss AS
Ikkje noko å seie på komforten i Geiranger Turbuss AS sine flotte bussar. Dei har heile seks stykker!

Geiranger Turbuss AS også på plass!

Då har vi gleda av å ynskje Geiranger Turbuss AS velkomen med på laget. Det er sjølvsagt særs stas for oss å registrere at dette selskapet, som no verkeleg satsar innan reiselivsbransjen, vel å inngå nærare samarbeid med oss. Dette er også ei ny stadfesting på at profileringskonseptet vårt, og alt det positive som skjer ved Stordalshallen, vert lagt merke til rundt om!  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.12.2012

Med sin base i Geiranger, har Geiranger Turbuss AS naturleg nok mange års erfaring med korleis ein skal gjere turistar og reisande fornøgde. Den siste tida har dei satsa stort på å skreddarsy reiser til alle, uansett lengde på turen og der både kjente og meir utradisjonelle destinasjonar er med.

Du var kanskje ikkje klar over at Geiranger Turbuss AS disponerer 11 køyretøy og der heile 6 store bussar inngår. På turane er det sjølvsagt også med eigne guidar og dei har ei rad spanande destinasjonar du kan velje mellom. I tillegg er Geiranger Turbuss AS også det rette valet om du skal legge opp til bedriftstur, klassetur, eller liknande.

På Geiranger Turbil & Taxi si flotte heimeside, finn du mykje meir info om alt det selskapet tilbyr.

Her finn du vidare fleire av dei spanande destinasjonane, selskapet har på programmet. 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove