Gjevande foredrag

Det var mange som ynskte å få med seg det skiskytaren Hans Martin Gjedrem hadde å fortelje i går kveld. Om lag 40 personar var på plass i Stordalshallen og det er liten tvil om at det vart ei gjevande økt.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 01.06.2012
Fotograf: Pål Bjørn Øvrebust
Hans Martin var også flink som formidlar fotograf Pål Bjørn Øvrebust

Det var langrennsgruppa i Stordal IL, som hadde invitert skiskytaren til Stordal og responsen frå både trenarar, foreldre og utøvarar var god. Dei om lag 40 i salen fekk høyre Gjedrem fortelje om idrettskarriera si, frå han var 6-7 år og fram til i dag. Han var dyktig til å formidle sine erfaringar og kunnskap til publikum, der han tok dei med på vegen frå det å vere ein talentfull ungdom, til å ende opp som toppidrettsutøvar.

Frå salen kom det mange spørsmål, noko som også tyda på at det var stor interesse for å ta del i erfaringane han har gjort seg. På sett og vis kan ein nok også med rette hevde at Gjedrem var komen til rett stad, med tanke på det han hadde på hjartet. Dei siste sesongane har synt at idrettslaget har særs mange unge og lovande utøvarar som verkeleg ynskjer å oppnå toppresultat. I mange av våre tidlegare reportasjar kjem dette klart fram.  

Eit på alle måtar vellukka foredrag, der tilhøyrarane også fekk mange innspel på kva som skal til for å lukkast.

Les gjerne også førehandsreportasjen

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove