Fotograf: Bjørg Jacobsen
Stordal Hornmusikklag under leiing av Nick Ost fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Stordal Hornmusikklag under leiing av Nick Ost fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Det var mange som satsa knallhardt for å sikre seg dei flotte gevinstane sist fredag! fotograf Bjørg Jacobsen

Gledeleg god oppslutning!

Sist fredag gjekk den årvisse basaren til Stordal Hornmusikklag av stabelen. No er dette ein basar med langt kortare historie bak seg enn helselaget sin tradisjonsrike basar, som kvart år vert arrangert første fredag etter påske. Men like fullt stilte folk velviljug opp og det vert også meldt om bra sal på bøkene. Med tanke på alt det flotte dette musikklaget byr oss på, kvart år, er dette ikkje mindre enn særs gledeleg! 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 20.01.2014

No er det viktig å få med at ein i tillegg til å få vere med på basar, også fekk høyre hornmusikken spele. Ein flott minikonsert med musikklaget stod nemleg først på programmet, sist fredag.

Leiaren i laget, Hilde Dyrkorn, nytta i etterkant også høve til å takke dei mange som var med og bidrog inn mot basaren. Det gjorde ho på denne måten:

"Tusen takk til alle som var med på å støtte oss på basaren vår i går. Takk til næringslivet som støtta oss med premiar til bøkene, alle som har gitt oss premiar til åresalget, alle som kjøpte lodd på bøkene og alle som kom på basar og kjøpte årar. Denne støtta er svært viktig for økonomien vår og drifta av korpset. Så TUSEN TAKK ALLE SAMMEN!!"

Det er ei kjent sak at det ligg mykje arbeid også bak eit slikt arrangement og sjølv om vi har nemnt det før, nemner vi det gjerne igjen: Tusen takk til Stordal Hornmusikklag for alt det som vert lagt ned av arbeid, både det som skjer frå scena og dei uttallige timane som går med til å skaffe til veie dei pengane som skal til for å drifte eit slikt aktivt og flott musikklag! 

Les gjerne vår førehandsreportasje for meir om dette suverene musikklaget vårt!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove