Glimrande arrangert nok ein gong!

Futsal 21. januar 2017 - Klikk for stort bildeFutsal 21. januar 2017 Hallgeir Hove Fotballgruppa i Stordal IL, kan verkeleg dette med å stå som arrangør av innandørsfotball, eller futsal som det eigentleg vert kalla. Sist helg var det gutane i 12 årsklassa som møttest til dyst og det heile gjekk veldig fint føre seg. I tillegg til alle dei spananade kampane ute på parketten, kunne dei som ville besøkje kafeen i grendasalen og få med seg bl.a Liverpool og Manchester United live på storskjermen der.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 23.01.2017

Futsal 21. januar 2017 - Klikk for stort bildeFutsal 21. januar 2017 Hallgeir Hove Futsal 21. januar 2017 - Klikk for stort bildeFutsal 21. januar 2017 Hallgeir Hove Futsal 21. januar 2017 - Klikk for stort bildeFutsal 21. januar 2017 Hallgeir Hove Futsal 21. januar 2017 - Klikk for stort bildeFutsal 21. januar 2017 Hallgeir Hove

Kampavviklinga gjekk veldig greit, takka vere dei dyktige folka i sekretariatet. Ute på parketten hadde dei unge dommarane til arrangørklubben god kontroll på det heile og vi kunne knapt registrere ei einaste ufin tackling i løpet av heile arrangementet. All honnør både dommarar, spelarar og trenarar.  

På kjøkkenet var det også gjort super innsats og dermed var det mykje godt på menyen også denne gongen.

Storskjerm med premier league - kampar er sjølvsagt stas, sjølv om kanskje ikkje resultatet i dei to kampane som gjekk på laurdagen, kanskje ikkje vart akkurat slik ein del av oss hadde håpa på.

For å få eit inntrykk av det heile, kan du sjå eit eige bildegalleri på 315 bilder på Stordalshallen si facebookside.

Dette galleriet finn du også på Sunnmøre Fotballkrets si facebookside!

Sjå også vår reportasje frå desember i fjor, då det også var futsalseriespel i Stordalshallen. Der finn du også lenker til tidlegare reportasjar og ikkje minst mange flotte bildegalleri. (m.a. 385 bilder frå futsalhelga i desember) 

Om du vil, kan du også sjå tilbake på reportasjar frå innandørs-KM i Stordalshallen heilt sidan 2007. Det er berre å fylje lenkene det.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove