Julehelsing 2012
Julehelsing 2012
Fotograf: Hallgeir Hove
Ungdomsmusikalen We Will Rock You er kanskje tidenes suksess! Her frå premieren i Stordalshallen med 850 på plass i hallen! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Lokalmønstringa av UKM var også storslagen og publikum var på plass på ny! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Bjørn Steinar Skarbø, Bygdebladet
IDOL-Jenny bidrog nok til publikumsrekord i Stordalshallen då ho gjesta Stordalscup denne sommaren fotograf Bjørn Steinar Skarbø, Bygdebladet
Fotograf: Hallgeir Hove
Den suverene kretssamlinga til Stordal Alpin kan stå som døme på dei rekordmange besøka dette året fotograf Hallgeir Hove

God Jul og Godt Nytt År!

Når vi no nærmar oss eit nytt år, kan vi slå fast at det vi no er i ferd med å legge bak oss har vore eventyrleg. Aldri tidlegare har vi opplevd så mykje flott og interessa for alt dette positive, og interessa for å besøkje oss, har heller aldri vore større. Dette seier ikkje så reint lite, når vi faktisk kan sjå attende på 15 fantastiske år no!   

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 20.12.2012

Dette skal først og fremst vere ei julehelsing til alle dei som har vore med å bidratt til det heile. Då tenkjer vi m.a. på dei mange som har vitja oss i løpet av året, dei mange som stiller opp for å gjere ein innsats, dei mange laga og organisasjonane som står bak det eine suverene arrangmentet etter det andre og sist men ikkje minst alle våre 95 samarbeidspartnarar!

Vi skal altså ikkje gje oss ut på å lage nokon kavalkade på alt dette her. Men når det er sagt, vil ein likevel få eit klart inntrykk av kva vi snakkar om, ved å ta eit tilbakeblikk!

Det er ikkje lett å skulle plukke ut bilder til denne reportasjen, då det er så uendeleg mykje flott ein kunne teke med. Men igjen får vi berre oppmode alle til å ta ein kikk i bildegalleriet vårt, for å få med seg meir.

På Stordalshallen si eiga facebookside finn ein sjølvsagt også både bildegalleri og anna 

Det er vidare ikkje til å legge skjul på at våre 95 samarbeidspartnarar betyr enormt mykje for den satsinga som har vore mulig og eiga takk og helsing til dei, har vi alt fått laga!

Med dette vil ein på vegne av driftsstyret for Stordalshallen, og oss som er sett til å drifte denne, få ynskje dykk alle;

EI RETTELEG GOD JUL OG EIT GODT NYTT ÅR!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove