God Jul og Godt Nytt År!

Stordalshallen kan sjå attende på eit nytt suverent år der interessa for alt det positive som skjer her hjå oss er stadig like stor. Besøkstalla er særs høge, takka vere dei mange som ynskjer å legge treningssamlingar, øvingshelgar og liknande nettopp hit. Ikkje minst skuldast dette også dei mange flotte arrangementa som m.a. lag og organisasjonar her står bak.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 20.12.2013
Julehelsing frå Stordalshallen
Julehelsing frå Stordalshallen

Mykje meir om alt dette, vil ein finne i vårt nyhendearkiv og kva er vel kjekkare enn å ta eit tilbakeblikk på mykje av alt det kjekke som har skjedd dette siste året? Ja, lengre attende enn det og, for den del.

Eit slikt tilbakeblikk vil også syne at interessa for å vere Stordalshallen sin samarbeidspartnar er like stor som før. Det er nok ikkje tilfeldig at all ledig reklameplass på veggane i idrettshallen er oppteken, noko som har vore situasjonen heilt sidan sommaren 2009! 

Når vi no nærmar oss eit nytt, spanande år for Stordalshallen, der vi også etterkvart kan gle oss over at eit flott tilbygg kjem på plass, er det kjekt å kunne få rette ei stor takk til alle dei som har vore med og bidratt til alt dette flotte. 

Vi rettar også ei ekstra takk til alle dei som har valgt å legge av eit besøk her hjå oss og sist men ikkje minst, takkar vi alle våre nærare 100 samarbeidspartnarar!

GOD JUL OG GODT NYTT ÅR TIL DYKK ALLE! 

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove