God oppslutning kring hornmusikken sin årlege basar

Det er blitt ein flott tradisjon at Stordal Hornmusikklag inviterer til basar og minikonsert, tredje fredagen i januar. Det er gledeleg å registrere at oppslutninga er god, då dette sjølvsagt også er ei viktig inntektskjelde for dei dyktige musikantane.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 28.01.2015
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Frå Stordal Hornmusikklag sin basar i januar 2014 fotograf Bjørg Jacobsen

Basaren fylgde malen frå tidlegare år og det er liten grunn til å endre på noko som fungerer så bra. Som vanleg var det eit makelaust flott kakebord i tillegg til at ein kunne satse på å vinne flotte gjenstandar på loddbøkene, vinne på årar og ikkje minst få oppleve hornmusikken framføre vakre tonar, under leiing av Nick Ost.

Hilde Dyrkorn er leiar for Stordal Hornmusikklag og ho nytta høve til å takke dei som hadde vore med og bidratt i høve basaren og sjølvsagt også elles. Ikkje minst trekte ho fram den flotte støtta på kr 20.000, som laget hadde motteke frå Sparebanken Møre. 

Vi nyttar høve til å takke dei dyktige musikantane, som ikkje berre står på og øver og vert kjempeflinke til å spele, men som også legg ned eit imponerande arbeid både i forkant og i etterkant av dei mange arrangementa sine.

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove