God oppslutning kring Stordal Folkedanslag sin årlege fest

Folkedansfest januar 2019 - Klikk for stort bildeFolkedansfest januar 2019 Jostein Lied

Denne helga var det folkedansarane som inntok Stordalshallen og det vert meldt om koselig fest med mykje folk, god mat og ikkje minst - men ikkje overraskande - mange på dansegolvet. Valldal Spelmannslag stod for musikken. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 29.01.2019

Folkedansfest januar 2019 - Klikk for stort bildeFolkedansfest januar 2019 Jostein Lied Folkedansfest januar 2019 - Klikk for stort bildeFolkedansfest januar 2019 Jostein Lied

Dei første helgane i det nye året har starta, slik det førre året slutta, med full rulle i Stordalshallen kvar einaste helg. Etter at vi starta det nye året har vi hatt besøk av Blindheim sine fotballjenter, Ørskog Angels og FK Fortuna. I tillegg har vi også vore arena for den flotte festen som dei tillitsvalgte i Norddal og Stordal stod bak og dagen etter basaren forrige fredag var det også ei større åremålsfeiring der.

Denne helga gjekk altså den årvisse festen Stordal Folkedanslag arrangerer, av stabelen, og dette er festar som samlar danseglade frå heile distriktet vårt. Etter det vi forstår, var det rundt 70 deltakande, god mat (både middag og kaffe), fengande dansemusikk og naturlegvis stor aktivitet på dansegolvet. Stas å registrere at grendasalen vert for liten og at ein vert nøydd til å bruke delar av idrettshallen og, for å få plass til alt og alle.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove