Fotograf: Randi Flø (Storfjordnytt)
Ungdomsrådet på plass og med klare meiningar fotograf Randi Flø (Storfjordnytt)
Fotograf: Hallgeir Hove
Ordførar Charles Tøsse sette stor pris på den gode oppslutninga og engasjementet fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Fylkesmann, Lodve Solhom fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Jan Kåre Aurdal, leiar i Sunnmøre Regionråd fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Trond Vestre (NRK Møre og Romsdal) intervjuar her Olav Bratland, fylkesmannen og ordføraren, etter møtet fotograf Hallgeir Hove

God oppslutning og stort engasjement

Torsdag 10. april vart det helde folkemøte om kommunereforma og det var gledeleg stort frammøte i grendasalen. At dette er noko som engasjerer stordalingane, var tydeleg. Både fylkesmann Lodve Solholm og leiaren for Sunnmøre Regionråd, Jan Kåre Aurdal, var på plass for å innleie i tillegg til ordførar, Charles Tøsse.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 23.04.2014

Dei frammøtte synte stort engasjement, både i samband med gruppearbeidet og seinare i møtet, då det vart opna for innlegg frå salen.

NRK Møre og Romsdal var på plass under folkemøtet, ved reporter Trond Vestre, og morgonen etter kunne ein få med seg innslaget på radioprogrammet God morgon, Møre og Romsdal.

Sjå reportasjen i Storfjordnytt, frå folkemøtet, som eigen pdf nedst på sida. 

For meir om opplegget, viser ein til eigen førehandsreportasje og folkemøtet

Tidlegare førehandsreportasje om folkemøtet, på NRK Møre og Romsdal si nettside

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove