God oppslutning og triveleg, som vanleg

Basar Stordal Hornmusikklag jan 17 - Klikk for stort bildeBasar Stordal Hornmusikklag jan 17 Hallgeir Hove

Sist fredag var det, tradisjonen tru, hornmusikkbasar i Stordalshallen og også denne gongen var oppslutninga god. Dei dyktige musikantane underheldt i starten av kvelden og så gjekk det slag i slag med åresal, fram til dei flotte gevinstane på bøkene vart trekt til slutt. Som alltid er det skikkeleg triveleg å vere med på desse basarane og så absolutt eit godt alternativ til både TV, Ipad og andre slags duppedittar.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 23.01.2017

Basar Stordal Hornmusikklag jan 17 - Klikk for stort bildeBasar Stordal Hornmusikklag jan 17 Hallgeir Hove Basar Stordal Hornmusikklag jan 17 - Klikk for stort bildeBasar Stordal Hornmusikklag jan 17 Hallgeir Hove Basar Stordal Hornmusikklag jan 17 - Klikk for stort bildeBasar Stordal Hornmusikklag jan 17 Hallgeir Hove Basar Stordal Hornmusikklag jan 17 - Klikk for stort bildeBasar Stordal Hornmusikklag jan 17 Hallgeir Hove

Denne årvisse basaren er Stordal Hornmusikklag si viktigaste inntektskjelde og difor er det ekstra kjekt å registere at interessa for å få med seg dette, framleis er like stor.

Musikklaget er særs takksam for all godviljen dei møter, både i høve til dei som støttar opp ved å kjøpe årar og lodd på bøkene og ikkje minst alle dei som støttar opp med flotte gevinstar. Dette er imponerande flott, rett og slett.

For oss som har stor glede av å få oppleve Stordal Hornmusikklag, er det sjølvsagt nok ein gong på sin plass å takke laget for det dei gir oss. Når ein tenkjer på kor mykje arbeid som ligg bak, ikkje berre dei mange timane med øving, men også timane som går med til å rigge opp og ned, gå rundt med bøkene og mykje meir, ja så er dette enkelt og greitt imponerande!  

Sjå gjerne også reportasjen frå jubileumsfeiringa til Stordal Hornmusikklag i november i fjor. 125 år, er verkeleg imponerande! (der finn du også lenker til mange tidlegare reportasar om det suverene musikklaget vårt)

For fleire bilder frå basaren den 20. januar, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove