God oppslutning om basaren

Basar Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps, januar 2018 - Klikk for stort bildeBasar Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps, januar 2018 Hallgeir Hove

Det var mykje folk på plass i Stordalshallen sist fredag, når Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps saman inviterte til basar. Det ligg mykje arbeid bak eit slikt arrangement, der det også høyrer med å gå frå dør til dør for å selje lodd til dei mange flotte gevinstane på bøkene. Også av den grunn er det kjekt å registrere at oppslutninga er så god. Eldsjelene bak dei flotte korpsa våra, nyttar også høve til å takke dei mange som støttar opp med gevinstar og sjølvsagt alle dei som har kjøpt lodd.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 22.01.2018

Basar Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps, januar 2018 - Klikk for stort bildeBasar Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps, januar 2018 Hallgeir Hove Basar Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps, januar 2018 - Klikk for stort bildeBasar Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps, januar 2018 Hallgeir Hove Basar Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps, januar 2018 - Klikk for stort bildeBasar Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps, januar 2018 Hallgeir Hove Basar Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps, januar 2018 - Klikk for stort bildeBasar Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps, januar 2018 Hallgeir Hove

Tradisjonen tru var det også lagt inn ein minikonsert, der hornmusikken og skulekorpset spela saman og som vanleg let dette veldig fint. Etter at musikantane hadde motteke vel fortent applaus, var det klart for å lese opp vinnartal og som vanleg var det Hilde Dyrkorn som stod for dette. Så strøymde det på med heldige vinnarar fram til det lange gevinstbordet ved eine kortveggen i idrettshallen.

Og sjølvsagt kunne arrangørane freiste med eit kakebord i verdensklasse, også denne gongen.

Sjå gjerne også førehandsreportasjen, for meir om både korps og basar

På Stordalshallen si facebookside, finn du mange fleire bilder frå den kjekke basaren

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove