Fotograf: Stordal skule
10. klasse ved Stordal skule er klare til å gje oss ei forrykande flott lokalmønstring! fotograf Stordal skule
Fotograf: Hallgeir Hove
Det brukar vere trangt om plassen, når det er UKM i Stordalshallen. Lurt å vere tidleg ute? fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Spektakulær lyssetting gjer det heile ekstra flott fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
I fjor var det også stilig dans på scena fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det blir meir kunst frå Eirin også i år. Vi gler oss til å få sjå fotograf Hallgeir Hove

God påmelding også i år!

Det er no berre 6 dagar att til lokalmønstringa av UKM og arrangørane melder at det er bra med påmeldingar. Dermed kan vi gle oss til mange flotte innslag frå scena og ei stor kunstutstilling.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.02.2016

Den siste oppdaterte oversikta viser at vi vil få åtte innslag frå scena og i tillegg ei rekordstor utstilling.

Eit samarbeid med arrangørane av Årsfesten, helga etter, gjer at dei også har fått hyra inn Lasse Døving frå Stranda, til å ta hand om det som har med lyd å gjere og så vert det sjølvsagt også rigga til med svær scene, med storskjerm, trosserigg og sveivetårn. Dermed vil nok ein gong Stordalshallen bli omgjort til konserthus eller revyscene om ein vil.

Det er med andre ord verkeleg grunn til å gle seg til det de får oppleve på søndag, folkens!

Det heile startar kl 18.00 og vi oppmodar sjølvsagt publikum til å vere på plass i god til før dette.

For mykje meir om UKM, viser vi til vår tidlegare førehandsreportasje

ALTSÅ: LOKALMØNSTRING AV UKM I STORDALSHALLEN, SØNDAG DEN 21. FEBRUAR KL 18.00!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove