God respons på gåveaksjonen til Stordal IL

Stordal IL har som kjent ein eigen gåveaksjon i samband med realiseringa av tilbygget ved Stordalshallen og det vert meldt om god respons. Pr 31. oktober hadde laget fått inn heile 66% av beløpet ein treng å få samla inn.   

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 18.11.2013
Fotograf: Hallgeir Hove
Tilbygget er verkeleg i ferd med å ta form no fotograf Hallgeir Hove

Sparebanken Møre har som kjent støtta opp med heile kr 50.000,-, Stordal Helselag har gitt kr 15.000,- og Stordal og Liabygda pensjonistlag kr 10.000,-. Dette er suverent! I tillegg er det no også stadig fleire privatpersonar som også bidreg. 

Sjå også vår tidlegare reportasje om gåveaksjonen til Stordal IL, for meir.

Pr 3. oktober var det kome inn kr 267.000,-

Pr 31. oktober hadde beløpet stige til kr 330.000,-!

Ny oversikt vil bli presentert den 30. november og då vert det spanande å sjå kor mykje nærare målet ein er.

I tillegg til at ein finn meir info om korleis ein kan gje ei slik gåve, både på nettsida vår og på facebook, er det også lagt ut giroar både på Joker og COOP i Stordal.

Støtt opp om gåveaksjonen du og! Alle monner drar!

Sjå oversikta pr 31. oktober som pdf nedanfor.

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove