«Grassentassar og Miljøsvin»

Berit Rødstøl - Klikk for stort bildeBerit Rødstøl Tove K Breistein

Torsdag den 27. oktober kl. 18.00 vert det noko så spanande som ein forteljarkonsert i Stordalshallen. Det er forfattaren Berit Rødstøl og Møremusikarane Rute 33 som i samspel vil framføre handlinga i boka «Frøppeldunk», samstundes som Christian Fjeldbu sine illustrasjonar vert vist på lerret. Den 3. november er det duka for nytt storfint besøk og då med forfattaren Marit Kaldhol og Møremusikarane Bjørnar Myhr og Jøran Hatten. Framsyninga då har fått tittelen: «Songar ved bålet».

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 21.10.2016

Begge dei to framsyningane er altså storfine besøk, av høg kvalitet! Den første (den 27. oktober) passar godt for barn i barneskulealder, men folk i alle aldrar er velkomne til ei stemningsfull kveldstund i ord, tonar og bilete. Arrangør er Stordal bibliotek og framsyninga er gratis for publikum.

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som står bak konsertserien «Ordspel»  som består av tre forteljarkonsertar med Møremusikarane og tre forfattarar frå Møre og Romsdal. Konsertserien er sterkt subsidiert av fylkeskommunen.  Her i Stordal er vi så heldige at vi ved hjelp av gullkornmidlar frå Sparebanken Møre, har fått høve til å hente hit to av desse forteljarkonsertane! Først ute er «Grassentassar og Miljøsvin», og allereie den 3. november er det duka for nytt storfint besøk: «Songar ved bålet» med Marit Kaldhol og Møremusikarane Bjørnar Myhr og Jøran Hatten. (eigen førehandsreportasje om dette seinare)

Litt om handlinga i «Grassentassar og miljøsvin: På campinplassen Frøppeldunk skjer det mystiske ting. Den store fossen blir lagt i røyr og fargene byrjar å forsvinne, ein etter ein. Kan Ea og dei andre campinggjestene redde verda frå å bli heilt grå? Det får du vite i Stordalshallen Torsdag 27. oktober.

Sjå eigen plakat her (JPG, 193 kB) 
 

 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove