Fotograf: Hallgeir Hove
Glade Vinjarar, etter at sigeren var sikra i finalen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stor stas å møtast til turnering også for dei yngste fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Maria, Harry og Helga på plass i sekretariatet fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Kenneth Søvik mottek vandrepokalen, frå Charles Tøsse, som synleg bevis på at dei er vinnarar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Desse veteranane var også i aksjon 2. juledag og gjorde eigentleg sine saker rett så bra fotograf Hallgeir Hove

Grendacup 2014

Når vi no er midtvegs i januar månad, er det noko seint å legge ut reportasje om Grendacupen, som tradisjonen tru vart avvikla i romjula. Men betre seint enn aldri, er det vel noko som heiter..

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 16.01.2015

Den 19. utgåva av Grendacupen er altså for lengst vel i hamn, og denne gongen med grenda Øvrebust som arrangør. Supert at grenda, som gav oss den suverene Årsfesten tidlegare i 2014, også tok på seg å arrangere cupen i romjula. 

Det skulle vise seg at det endeleg var duka for siger til grenda Vinje denne gongen, etter at dei slo Vinjehjellane i ein fartsfyllt og god finale.

Det var god oppslutning også kring turneringa for dei yngste og mykje fint spel vart vist. Denne gongen var det også med eit lag beståande av stordalsveteranar i turneringa for dei vaksne, og desse karane fekk vist at dei kan spele fotball framleis, der dei slo både fjorårsvinnarane Nejaføringane og det laget som har desidert flest sigrar, nemleg Liabygda.

For mykje meir om Grendacupen, m.a. tilbakeblikk på dei fleste arrangementa frå tidlegare år. viser vi til vår førehandsreportasje.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove