Grendacup 2018

Grendacup 2017 - bra med publikum - Klikk for stort bildeGrendacup 2017 - bra med publikum Hallgeir Hove

I tidlegare reportasjar har vi annonsert at det sjølvsagt blir Grendacup denne romjula og. Dette blir då den 23. utgåva av det tradisjonsrike arrangementet. Til liks med tidlegare, er det 2. juledag det skjer og arrangørgrenda Vinje står klare til å ta imot publikum der det også blir open kafé denne gongen. Det meste skulle dermed ligge til rette for at Grendacupen blir akkurat den sosiale møteplassen den er meint å skulle vere, med andre ord.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 18.12.2018

Grendacup 2017 - 5. t.o.m 8. klasse - Klikk for stort bildeGrendacup 2017 - 5. t.o.m 8. klasse Hallgeir Hove Grendacup 2017 - Nejaføringane - Klikk for stort bildeGrendacup 2017 - Nejaføringane Ole Hove

Grendacupen i fotball er altså like rundt hjørnet – eit sosialt og populært innslag i juleveka. I år vert den arrangert for 23. året på rad! Arrangementet vert om lag slik det har vore dei siste åra, der det er fotballen som står i fokus. (for dei som kan tenke seg mange andre aktivitetar, viser vi til Open dag – arrangementet 5. juledag)

Når det gjeld turneringa for dei yngste (5. t.o.m. 8. klasse) prøver vi legge det heile opp på ein litt anna måte denne gongen. Vi har valgt å ikkje dele dette inn etter grender, då det er så store forskjellar grendene imellom, når det kjem til antall unge. Alle som har lyst til å vere med, uansett kvar ein kjem ifrå, møter då opp i Stordalshallen seinast kl 10.30 og så startar første kamp kl 11.00.

 

Her er kontaktpersonar m.m. for Grendacup 2018:

Kontaktpersonar/ansvarlege  - 5. t.o.m 8. klasse

Arnstein Arnes, Øyvind Tafjord, Frank Olsen og Hallgeir Hove
 

Kontaktpersonar/ansvarlege - vaksne:

Hovslia                                                 Robert Iversen
Vinje                                                     Kenneth Søvik
Øvrebust                                              Magnus Nygård
Nejaføringane                                      Hallgeir Hove
Vinjehjellane                                        Patrik Aasen
Liabygda                                              Kristian Stornes


Reglement:

Ein nyttar vanlege reglar for innandørsfotball og ikkje futsalreglar.

Den tradisjonelle fotballturneringa er for dei i ungdomsskulealder og oppover og det kan vere maks fire frå kvart kjønn på bana og maks fem spelarar på bana totalt.

I fotballturneringa for 5. t.o.m. 8. klassingane skal det vere 6 spelarar og då slik at det er like mange gutar og jenter på bana til ei kvar tid.

Deltakarane må sjølve sjå til at ein har det forsikringsmessige i orden. Arrangør er ikkje ansvarleg for skadar som evt måtte inntreffe.

NB Det er fullt ut lovleg å ha med spelarar som ikkje bor i grenda, særleg er det fint om dette kan verte eit tilbod også til slekt og vener som er på julebesøk i grendene. Alle som ynskjer vere med, tek kontakt med dei som er sett opp som ansvarlege for dei ulike grendene.

Det er inga deltakaravgift.

Tidsskjema Grendacup 2018:

5. t.o.m 8. klasse

11.00                    Seriespel
12.00:                   Premiering/fotografering

Den tradisjonelle turneringa:

12.15 – ca 16.00

Pulje 1:                Liabygda, Vinjehjellane og Øvrebust                     
Pulje 2:
                Nejaføringane, Vinje og Hovslia

 

Kamp 1  Liabygda - Vinjehjellane

1

-

12.15

Nejaføringane dømmer

Kamp 2 Nejaføringane - Vinje

2

-

12.35

Liabygda dømmer

Kamp 3 Øvrebust - Liabygda

1

-

12.55

Hovslia dømmer

Kamp 4 Hovslia - Nejaføringane

2

-

13.15

Øvrebust dømmer

Kamp 5 Vinjehjellane - Øvrebust

1

-

13.35

Vinje dømmer

Kamp 6 Vinje - Hovslia

2

-

13.55

Vinjehjellane dømmer

Kamp 7 Nr 3 gr 1 – Nr 3 gr 2

 

-

14.15

 

Kamp 8 Nr 2 gr 1 - Nr 1 gr 2

 

-

14.35

 

Kamp 9  Nr 1 gr 1 - Nr 2 gr 2

 

-

14.55

 

Kamp 10 Bronsefinale

 

-

15.15

 

Kamp 11 FINALE

 

-

15.35

 

     

Kafé!

Det er grenda Vinje som er teknisk arrangør i år og Ester og dei andre i grenda legg også opp til eiga kafédrift denne dagen! Når grenda tek på seg oppdraget her, er dei også med på å føre tradisjonen knytt til at Årsfestarrangør også arrangerer Grendacup. Sjå gjerne også meir om den flotte Årsfesten til grenda Vinje om du vil.

Dermed ligg det meste til rette for at det skal bli ein ny topp dag i Stordalshallen dette og at Grendacupen blir det vi ynskjer den skal vere, nemleg ein kjekk sosial møteplass i romjula!

 

Velkomen til alle!

Om du vil, kan du ta eit tilbakeblikk på tidlegare Grendacup-arrangement, heilt tilbake til 2006, då vi nettopp hadde fått på plass eiga heimeside.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove