Fotograf: Runar Helland
Dei fleste av spelarane som var med på turneringa for dei yngste i 2012 fotograf Runar Helland
Fotograf: Storfjordnytt
Liabygda har vunne heile 10 gongar! Her er laget som stakk av med sigeren i fjor fotograf Storfjordnytt

Grendacup også denne romjula!

Grendacupen i Stordalshallen vart første gong arrangert i 1996 og dermed vert årets utgåve den 18. i rekkja. Det er grenda Hovslia, som har teke på seg å stå som arrangør denne gongen og det heile skjer den 26. desember (2. juledag).

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 12.12.2013

Grendacupen har med andre ord blitt rett så tradisjonsrik og ein kan med rette hevde at dette har vore eit samlingspunkt, eller ein treffstad om ein vil, der ein også får høve til å slå av ein prat med kjente ein ikkje ser så ofte elles i året.

Dei første 13 åra av Grendacupen var det langt meir på programmet enn det som har vore tilfelle dei siste åra. Etter innspel i forkant av arrangementet i 2010 valgte ein nemleg å korte ned på arrangementet. Ein tok då m.a. vekk tilbodet om klatring og trampoline. I tillegg vart det heller ikkje lagt opp til eiga volleyballturnering lengre. Også skytekonkurransen og taudraginga, grendene i mellom, vart kutta ut. Det som då stod att, var sjølve fotballturneringa for dei vaksne, samt turneringa for dei frå 5. t.o.m 8. klasse (som kom med på programmet i 2006)

Etter at fotballgruppa har stått bak arrangementet dei to siste åra, har grenda Hovslia no teke på seg å stå som arrangør og då etter malen frå 2010. Dermed ligg det an til fotballturnering for både små og store og det vert naturlegvis spanande å sjå om det er nokon av grendene her i Stordal, som vil vere i stand til å slå laget frå Liabygda. Dei tok nemleg sin 10. siger i Grendacupen sist gong, noko som er ganske så imponerande. 

Sjå gjerne reportasjen vår frå Grendacup 2012.

Reportasjen vår frå 2010 har også lenker til arrangementa attende til 2006.

Då er det berre å gle seg til meir moro i Stordalshallen og det heile startar med turneringa for dei frå 5. t.o.m 8. klasse, kl 10.00.


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove